Hopp til innhold

50 sjukepleiarar tatt ut i streik

50 medlemmar i Norsk sykepleierforbund i Bergen streikar

helsepersonell
Foto: Illustrasjonsfoto / Scanpix

Les òg: 9000 barn må vera heime på måndag

Det er ingenting å seia på streikelysten til sjukepleiarane. Fylkesleiar Marianne Golten er langt frå nøgd med tilbodet til dei høgskuleutdanna i kommunane:

- Dette var eit historisk dårleg lønnsoppgjer for utdanningsgruppene i kommunane, oppgjeret rettar seg berre mot ufaglærte og dei med utdanning frå vidaregåande skule, seier Marianne Golten, fylkesleiar i Norsk sykepleierforbund.

- Men er det ikkje rett og rimeleg at dei gruppene med lågast lønn får det kraftigaste løftet?

- Spørsmålet er slik me ser det er heller om dette treff kommunane sitt behov for å få tak i dei gruppene dei treng, sjølvsagt skal me ha eit godt lønnsnivå for alle i offentleg sektor, men kommunane har eit stort behov for arbeidskraft med høgare utdanning, og det samsvarar ikkje med dette oppgjeret, seier Golten.

Få konsekvensar før måndag

- Me har vald å ikkje ta ut sjukepleiarar som jobbar direkte opp mot pasientane, men me tar ut andre stillingar, seie Golten.

Det er helsepersonell i følgjande stillingar som vert tatt ut:

  • Administrative stillingar
  • Pådgivarar
  • Helsesøstre
  • Leiarar

Dette gjer at streiken først vil få innverknad over helga. Også helsepersonell organisert i Norsk Fysioterapiforbund og Norsk Ergoterapiterapautforbund vert tatt ut i streiken.