Hopp til innhold

50-60 svoltne russ skapa trøbbel

Tilsette ved McDonalds Laguneparken ringte til politiet då dei oppfatta 50-60 svoltne russ som pågåande og aggressive. – Alle ville ha hamburger samstundes og det blei amper stemning, seier operasjonsleiar Jan Tore Heggholmen. Politiet sende difor mange patruljar til staden. – Situasjonen løyste seg då folk lya og gjorde som dei fekk beskjed om, seier Heggholmen.