Hopp til innhold

50 000 kveiter på rømmen frå lukka anlegg

Aldri har Fiskeridirektoratet høyrt om større rømming frå eit kveiteanlegg. – Det gjer det veldig spesielt. I tillegg var dette eit lukka anlegg, seier Leni Marie Lisæter.

Kveite i oppdrett

Kveite er ein av dei dyraste matfiskane i Noreg, men det er ikkje mange som driv oppdrett på arten. Kveitene som er på rømmen kom frå dette anlegget på Bømlo.

Foto: Marte Rommetveit / NRK

Tysdag ettermiddag fekk Fiskeridirektorat melding om at rundt 50 000 kveiter var på rømmen frå Tubilah AS sitt anlegg på Folderøyholmen på Bømlo i Hordaland.

– Det er eit veldig høgt tal, seier Leni Marie Lisæter, seksjonssjef i Fiskeridirektoratet region vest, som aldri har høyrt om ei så stor rømming frå eit kveiteanlegg.

– Det gjer det veldig spesielt. I tillegg var dette eit lukka anlegg, fortel Lisæter.

Kveiteoppdrettere Bømlo

Dei 1,5 kilo tunge kveitene rømte frå dette lukka anlegget.

Foto: Marte Rommetveit / NRK

NRK besøkte det spesielle kveiteanlegget i mai. Anlegget er unikt for kveite, og eit pilotprosjekt støtta av Innovasjon Norge og Forskingsrådet. Produsentane sitt mål var at fiskane skulle liggje på middagstallerkar i heile Europa og USA om eit par år.

Gjenfangst på botn

No blir det i staden gjenfangst for Tubilah AS som driv anlegget.

Leni Marie Lisæter

Leni Marie Lisæter, seksjonssjef i Fiskeridirektoratet region vest.

Foto: Privat

– Vi har ikkje vore på rømmingsinspeksjon enno, men truleg er det nokre rister som har losna på eit vis. Det var uver då det skjedde, forklarer Lisæter i Fiskeridirektoratet.

Onsdag startar oppdrettsselskapet gjenfangst av den rømte fisken. Dét kan bli ei utfordring med akkurat denne typen fisk.

– I naturen lever jo denne fisken på botn, så den har nok gått rett ned. For å fange den igjen må ein nytte botngarn. Vi får berre håpe dei lukkast å fange dei inn att, seier Lisæter.

– Endeleg berekraftig

Morlandsø og Moldøen

Dagleg leiar i Tubilah, Jan Ove Morlandstø og driftssjef Per Arne Moldøen.

Foto: Marte Rommetveit / NRK

Den rømte fisken var rundt 1,5 kilo.

Her ser du, her er alle gullungane våre. Dette er framtida, sa ein entusiastisk driftssjef, Per Arne Moldøen då NRK besøkte anlegget tidlegare i år.

LES OGSÅ: Erna Solberg: – Vi skal bli verdas beste havnasjon

Noreg er verdsleiande på oppdrett av kveite. Fem selskap i landet produserer kveite, og målet for produsentane på Bømlo er å produsere 500 tonn kveite i året.

– Vi kan produsere på berekraftig vis no, sa driftssjefen til NRK.