Hopp til innhold

49-åring frå Haugesund døydde i ulukka

Politiet har identifisert den omkomne etter den kraftige frontkollisjonen på E39 i Sveio.

Dødsulykke på E39 Sveio

ULUKKE: Ein 49 år gamal mann frå Haugesund mista livet i ulukka på E39 i Sveio førre veke.

Foto: Jan Kaare Ness / 03030-tipser

Politiet opplyser i dag at dei har fått bekrefta identiteten til sjåføren av personbilen som kolliderte med eit vogntog på E39 i Sveio for ei veke sidan.

Den omkomne er Frank Olaf Folkedal (49) frå Haugesund. Dei pårørande vart varsla i går, får NRK opplyst av politiet i Haugesund.

Bilen han køyrde kolliderte med eit vogntog like nord for fylkesgrensa mellom Hordaland og Rogaland på føremiddagen onsdag 2. desember.

Ventar på ulukkesrapport

Kollisjonen var så kraftig at begge køyretøya byrja å brenne.

Sjåføren av vogntoget kom seg ut av førarhuset i tryggleik. Det skal ha vore personbilen som først byrja å brenne, før flammane også spreidde seg til førarhuset på vogntoget.

E39 var stengt i lang tid etter ulukka, slik at teknikarar kunne få gjort sine undersøkingar. Først ut på kvelden opna vegen for trafikk igjen.

– Me ventar på resultat og rapportar frå Statens vegvesen. Noko meir om årsaka til ulukka veit me altså førebels ikkje, seier politioverbetjent Øyvind Tveit ved Haugesund politistasjon.