45 saksøker bedrift for diskriminering: – Eit angrep på den norske modellen

Då fiskeforedlingsbedrifta på Sotra gjekk konkurs, stifta leiarane eit nytt selskap på same plass med same kundar. Men alle som var med i fagforeininga mista jobben.

Streik i Norse Production

STREIK: I 2017 streika 70 arbeidarar for å få ein tariffavtale i Norse Production. Selskapet gjekk konkurs i 2018 og ingen av dei organiserte arbeidarane fekk jobb då verksemda blei kjøpt.

Foto: Kjell Jøran Hansen / NRK

45 arbeidstakarar meiner seg diskriminerte av Sund Laksepakkeri. Måndag startar ei over tre veker lang rettssak i Bergen tingrett.

Arbeidarane krev fast jobb, erstatning for tapt løn og oppreising for diskriminering.

Norse Production heldt til i Sund på Sotra i Hordaland. Her slakta og pakka utanlandske arbeidarar laks på oppdrag frå selskapet Sekkingstad AS.

Våren 2017 melde halvparten av dei tilsette seg inn i LO-forbundet Norsk Nærings- og Nytelsesmiddelarbeiderforbund (NNN). Hausten gjekk om lag 70 ut i streik for å få tariffavtale.

Etter fire veker førte streiken fram. Men dei tilsette meinte dei ikkje hadde fått overtidsbetalinga dei meinte dei hadde krav på. Saman med fagforeininga sende dei eit krav til leiinga om å få pengane.

Då slo Norse Production seg sjølv konkurs.

Fagorganiserte ved konkursrammede Norse Production

STEMNA: I juni i fjor samla fleire av dei fagorganiserte seg då LO valde å stemne Sund Laksepakkeri. No startar rettssaka.

Foto: Leif Rune Løland / NRK

Berre uorganiserte fekk jobb

Men berre dagar etter konkursen, kjøpte tre av mellomleiarane verksemda. Drifta heldt fram under namnet Sund Laksepakkeri. Arbeidet var det same, kundane og lokala òg.

Men berre arbeidstakarane som ikkje var organiserte i fagforeininga fekk jobb i det nye selskapet.

I fjor stemna 62 tidlegare arbeidstakarar Sund Laksepakkeri.

– Vi meiner å kunne føre bevis for at 45 av dei blei diskriminerte fordi dei var medlemmer av eit LO-forbund, seier LO-advokat Fredrik Wildhagen.

Individuelle vurderingar

Rettssaka blir lang fordi alle må forklare seg.

– Kvar enkelt av dei må sannsynleggjere at dei burde vore tilsett, seier Dag Nødtvedt, advokaten til Sund Laksepakkeri.

Det var individuelle vurderingar som låg bak tilsettingane, ikkje diskriminering, seier han.

– Diskrimineringsforbodet gjeld at ein ikkje kan nekte nokon arbeid berre fordi vedkommande er organisert. Her har ein ingenting imot fagorganiserte, bakgrunnen er personvurderingar og erfaringar stiftarane av selskapet hadde med seg frå sin tid som arbeidsleiarar i Norse.

– Er det ikkje påfallande at dei som blei vurdert negativt var organiserte?

– Dei skulle tilsette færre enn det var i Norse, og det var tydeleg at NNN-klubben var negativ til ny oppstart og ikkje hadde tru på at det ville lukkast, seier Nødtvedt.

Streikende polakker på Sekkingstad

SEKKINGSTAD: Streiken i 2017 var utanfor kontora til Sekkingstad på Sotra. Norse Production og seinare Sund Laksepakkeri pakkar fisk for Sekkingstad.

Foto: Cato Kristensen / NRK

– Slik kan vi ikkje ha det

I tillegg til diskriminering, meiner LO at arbeidarane hadde fortrinnsrett, noko bedrifta nektar for. LO sitt krav er fast jobb for fire personar og erstatning for løn for dei andre.

Alle krev oppreising for krenking av diskrimineringsforbodet og fortrinnsretten.

– Det er forstemmande at vi i 2019 opplever slik diskriminering. Saka dreier seg om noko heilt grunnleggjande, altså diskriminering av fagforeiningsmedlemmer. I sin kjerne er det eit angrep mot den norske arbeidslivsmodellen med trepartssamarbeid og tillit. Sånn kan vi ikkje ha det, seier LO-advokat Wildhagen.