Hopp til innhold

4400 marsjerte mot vindkraftutbygging

22 stader i landet vart det søndag arrangert «Støttemarsj for naturen» og mot vindkraftutbygging i verdifull natur. – Vi treng ikkje ofra urørt natur for å elektrifisera Noreg, meiner leiaren i DNT.

Støttemarsj i Stordalen i Masfjorden, mot vindkraftutbygging

STERK MOTSTAND: Rundt 400 menneske gjekk søndag tur i Stordalen i Masfjorden i protest mot store vindkraftplanar i Nordhordland.

Foto: Børge Brundtland / Nordhordland Turlag

Aller flest marsjerte i Hordaland, der om lag 1300 menneske viste si meining ved å gå søndagstur.

Rundt 1000 marsjerte i Rogaland, 300 i Agder, 250 i både Trøndelag og i Telemark, og 50–150 i dei andre fylka.

Det opplyser kommunikasjonssjef Mette Øinæs Habberstad i Den Norske Turistforening til NRK søndag klokka 20.30.

DNTs støttemarsj mot vindkraft, Fløyen i Bergen

PROTEST I FJELLSKO: På Fløyen i Bergen marsjerte nesten 350 menneske mot vindkraftutbygging på land.

Foto: Dag Harald Kvammen Andersen / NRK

(Tala er korrigert: Tidlegare på dagen opplyste DNT andre tal og at summen var 5000.)

Søndagstur med meining

Engasjementet blant nordmenn har vakse sterkt etter at Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) 1. april offentleggjorde sitt forslag til kart over dei områda som er mest eigna for vindkraftutbygging på land.

– Motstanden mot vindkraft er aukande og stadig fleire får auga opp for kva som blir ofra unødvendig på vegen mot det grøne skiftet, seier styreleiar Per Hanasand i Den Norske Turistforening (DNT).

– Vi er ikkje nøydde til å velja mellom klima og natur. Med dagens kraftoverskot, dei 86 vindkraftanlegga som allereie har fått konsesjon, energieffektivisering og opprusting av vasskraftverk har vi faktisk krafta vi treng for å elektrifisera Noreg utan å ofra urørt natur, meiner Hanasand.

Vindkraftanlegget på Midtfjellet, Fitjar

TREDOBLING: Turbinane i Fitjar er 90 meter høge. I mange fjell- og kystområde i landet er det no planlagd anlegg med opptil 250 meter høge vindturbinar.

Foto: Siri Løken / NRK

– Ikkje ver naive

I Fitjar gjekk om lag 80 personar tur til Morkavatnet. Denne kommunen har allereie eit vindkraftanlegg med 55 vindturbinar, men den tyske eigaren Aquila planlegg utviding.

– Tysk investeringskapital gret ingen tårer for øydelagt natur på Stord, sa Birger Taranger i Fitjar-Stord Turlag i sin appell.

Han viste til at folk på Frøya i Trøndelag sin direkte aksjon ikkje klarte å stoppa gravemaskinane der.

– No er dei og kommunestyret overkøyrde av fylkesmannen, og Trønderenergi kan setja i gong. Me har ei svært god sak, men dette viser at me ikkje må vera naive. Me må vera budde på kamp, sa Taranger.

Birger Taranger held appell mot vindkraft, Fitjar

NEI TIL MEIR: – Vindkraftmotstandarane tapte på Frøya. Me må ikkje vera naive men vera budde på kamp mot utvidingsplanar, sa Birger Taranger i Fitjar-Stord Turlag i sin appell.

Foto: Harald Onarheim

Kampen held fram

I Masfjorden gjekk rundt 400 personar frå Stordalen skisenter til Perstova. Deretter var det politisk møte med ordførarar, fylkes- og rikspolitikarar på Stordalen Fjellstove.

Både BKK og Norsk Vind Energi AS planlegg stor vindkraftutbygging i høvesvis Masfjordfjella og Stølsheimen. Etter sterk motstand konkluderte NVE tidlegare i år at Stølsheimen og det meste av Masfjordfjella ikkje er blant dei mest eigna områda for utbygging.

Men utbyggjarane har ikkje gitt opp, og engasjementet er framleis stort mot desse planane, både lokalt og nasjonalt. Eit samrøystes kommunestyremøte i Masfjorden kjem truleg til å krevja at deira fjellområde blir tatt ut av den nasjonale rammeplanen for vindkraft.

DNT sin støttemarsj mot vindkraft, Svanaheio i Kvinnherad

NÆR FOLGEFONNA: Om lag 200 menneske marsjerte til støtte for urørt natur i Kvinnherad.

Foto: Nils Gausvik

Høgreordførar: – No er det nok

Også i Kvinnherad er det brei semje i det politiske miljøet om å seia nei til vindkraft. Men NVE meiner at store delar av kommunen er eigna for vindkraftutbygging, mellom anna område tett opptil Folgefonna nasjonalpark.

– Kvinnherad har gitt frå seg nok natur til fornybar energi. No er det nok, sa ordførar Peder Sjo Slettebø (H) i sin appell.

Opp mot 200 menneske gjekk støttemarsjen frå Husnes sentrum og om lag 150 vart med opp til Breimstølen.

– Dei 25 sprekaste gjekk så vidare til Mjelkhaug, seier turleiar Mari Teigen Varanes.

Prega av alvor på Frøya

Litt over 100 personar møtte fram til støttemarsj i Frøya i Trøndelag, opp til øya sin høgaste topp, Besselvassheia, 76 meter over havet.

Deler av lokalbefolkninga har lenge aksjonert mot vindkraft. Fredag kom den endelege beskjeden frå Fylkesmannen. Dei har avgjort at Trønderenergi får bygge ut vindkraftanlegg på øya – trass den massive motstanden.

– Vi håper i det lengste på at det ikkje blir utbygging på Frøya, sjølv om Fylkesmannen har gjort sitt vedtak. I dag gjekk vi for naturen og for å markere kva vi meiner om den nasjonale planen, seier Gunhild Riiber.

Ho er leiar for Frøya turlag, og seier stemninga på marsjen var positiv og roleg, men prega av alvor.

Det er også mykje sinne på Frøya. Aksjonist Eskil Sandvik frå «Nei til vindkraft på Frøya» gjer seg klar til aksjon måndag morgon. Då skal Trønderenergi starte arbeidet med å bygge vindturbinar.

– Mange er triste og sinte, seier Sandvik til NRK.

Vindkraft demo Frøya

FRØYA: Godt over 100 personar gjekk mot vindkraft til Frøyas sin høgste topp sundag.

Foto: Ronny Teigås