Hopp til innhold

400 personar er undersøkt etter brannen

50 personar er innlagt ved sjukehus på i Lærdal, Voss og Førde. Over 400 personar er undersøkt av lege etter brannen som har herja i natt.

Brann

SLAGMARK: Det er eit nesten uverkeleg syn som møter folk i Lærdal. Fleire hus er fullstendig utsletta etter brannen. 90 personar vert behandla på sjukehus.

Foto: Jan Christian Jerving / NRK

Brannen som har råka Lærdal i meir enn eit halvt døgn, har lagt sentrum i ruinar. Mellom 15 og 30 bygningar er øydelagt i brannen, og 400 personar har fått behandling av lege eller på sjukehus.

50 innlagt på sjukehus

brannen i Lærdal

INFERNO: Vitne til brannen har omtala Lærdal som ei slagmark og eit branninferno.

Foto: Odd Helge Brugrand

Sundag morgon fortel kommunikasjonssjef i Helse Førde Terje Ulvedal til NRK at tilstanden ikkje er alvorleg for nokon av dei som er råka av brannen.

Helse Førde opplyser at over 400 mennesker har vært til sjekk på Lærdal sjukehus i forbindelse med brannen.

Av desse har rundt 100 fått behandlig på Lærdal eller andre sjukehus, medan nesten 50 personar er innlagt på sjukehus i Lærdal, Førde og Voss.

Det er tre menn i førtiåra, samt ei 23 år gamal kvinne som i dag vart overført frå sjukehus i Lærdal til Voss sjukehus. Tilstanden skal ikkje vera alvorleg, ifølgje opplysningar frå vakthavande på Voss sjukehus.

Vakthavande ved Voss sjukehus kan heller ikkje seie noko om kva typar skade det er snakk om, heller ikkje om det er venta fleire frå Lærdal

SJÅ OVERSIKT OVER KOR BRANNEN STARTA

laerdalsoyri_flyfoto

Flest røykskadde

svanes

ØIVIND SVANES: Overlege ved lungeavdelinga på Haukeland sjukehus fortel at røykskader er det strøste problemet når storbrannar oppstår.

Foto: Privat

Øystein Svane ved lungeavdelinga til Haukeland sjukehus fortel at røykskadar er eit av hovudproblema ved storbrannar.

– Sjølvsagt brannskadar også, men det er flest personar med røykskadar me får inn når slike brannar oppstår.

Sot i lungene, kabonmonosyd og cyanidgass i lungene, er dei tre store problema ved røyksader.

– Ein får pusteproblem nå dette skjer. Dersom det er alvorleg nok kan ein miste bevisstheita. Stort sett er det lett å behandle, men i verste fall vert man aldri frisk, seier Svanes.

Overlegen fortel at dei skadde i Lærdal har blitt tatt godt ivaretatt på lokale sjukehus.

– Så vidt eg veit vert ingen sendt til Haukeland sjukehus, men det er framleis tidleg å sei.

Årdalbrann

90 personer er innlagt på sjukehus etter brannen. Til saman har 300 personar vore til undersøking, opplyser kommunen.

Foto: Jan Christian Jerving / NRK