Hopp til innhold

Kunst gatelangs på Voss

I går vart den største utandørs kunstutstillinga i Noreg opna.

400 meter kunst

Torget var fylt til randen då kunsten vart avduka i går.

Foto: NRK

- Me var redde regnet ville resultera i færre folk på arrangementet. Det skjedde heldigvis ikkje, fortel pressekontakt i 400meterkunst, Inger Berit Hagen.

Sjå stemningsrapport frå opninga og frå kunstutstillinga:

400 meter kunst
Denne videoen er dessverre ikke tilgjengelig. Kontakt oss dersom du har spørsmål.

Høgare nivå

- Fleire kunstnarar sa at nivået på utstillingane i år var høgare enn i fjor, seier Hagen.

Det er ho nøgd med. I år har ein jury plukka ut kven som skulle få vera med på utstillinga. I fjor var 400meterkunst ope for alle.

- Fleire kunstnarar tykte det såg stilig ut på Vangen i år, seier pressekontakten nøgd.

400 meter kunst

Folk gjekk gatelangs i går for å få kunstnerisk impulsar.

Foto: NRK

Ho har berre lovord på lager om kunsten og utstillingane på Voss.

For alle

Og kunstutstillinga fekk uventa hjelp frå idrettslaget med å trekkja fleire folk til arrangementet.

- Det årlege andesleppet til idrettslaget, der folk kjøper ei and som seinare vert slept ut i elva i konkurranse med ender andre har kjøpt, trekte fleire til Vangen, fortel Hagen.

Pressekontakten meiner 400meterkunst er eit arrangement for alle, og ikkje berre for dei som vanlegvis går på kunstutstilling.

Inne og ute

Kunstverka er stilte ut i 59 butikkvindauge i heile Voss sentrum. Ikkje før klokka tre i går etttermiddag fekk folk kikka på herlegheita. Før det var kunsten til 71 ulike kunstnarar dekt til av plakatar som hang utanpå butikkvindauga.

Mangfaldet er stort. Du finn kunst innafor sjagrane keramikk, foto, bokbinderi, glas- og tekstikunst og teikning. Mellom anna.