Hopp til innhold

Trafikken til himmels på Stord lufthamn

Den vesle flyplassen har hatt ei auke i passasjerar på 40 prosent i år. – Utan Kværner Stord hadde det ikkje vore så greitt å drive flyplass her, seier lufthamnsjefen.

Stord Lufthamn, Sørstokken

TAR HEILT AV: 21.166 personar flydde til og frå Stord lufthamn frå januar til og med juli i år. Det er ei auke på 38,9 prosent frå same periode i 2013.

Foto: Øystein Skutle

Totalt var det per juli i år 21.166 personar som har flydd til og frå lufthamna på Sørstokken, sørvest på Stord. Det er 5.929 personar fleire enn på same tid i fjor, noko som gir ein flott trafikkauke på 38,9 prosent for den vesle lufthamna.

Lufthamnsjef Jan Morten Myklebust gir ein betydeleg del av æra til øya si store bedrift Kværner Stord.

– Dei har godt med arbeid. Dei nye prosjekta vert prosjektert i Oslo, så då reiser stordabuen austover for å jobbe der. Samstundes er det stor aktivitet på verftet, så då flyr austlendingane og utlendingane over til oss, forklarar Myklebust.

Avhengige av verftet

Lufthamnsjefen har ingen problem med å innrømma at når det går oppover for storbedrifta på øya, så peikar pila til vêrs også på flyplassen.

– Ja, vi er veldig avhengige av dei. Utan dei hadde det ikkje vore så greitt å drive flyplass på Stord.

– Men vi ser med glede at stadig fleire privatreisande nyttar seg av flyplassen.

Det er Danish Air Transport (DAT) som i dag flyr ruter til Molde og Oslo, samt Aalborg og Billund i Danmark via Stavanger.

Utvidar rutetilbodet

Dei fleste flyr til og frå Oslo, og ifølge lufthamnsjefen har det vore vanskeleg for dei reisande å få plass på flya. Det fører til at DAT set opp fleire ruter frå september av.