NRK Meny
Normal

40 millionar til skredsikring i Romarheimsdalen

E39 gjennom Romarheimsdalen var stengt i ti dagar i vinter på grunn av snøskred og skredfare. No skal hovudfartsåra på Vestlandet bli tryggare.

Snøskred i Romarheimsdalen ved E39

E39: Vegen gjennom Romarheimsdalen var i vinter stengt i dagevis på grunn av snøskred.

Foto: Marie Furhovden / NRK

Fire bilar med elleve personar i blei trefte av snøskredet på E 39 gjennom Romarheimsdalen i mars.

Vegen var stengt i fire dagar før han kunne opne. Berre nokre timar etter gjekk eit nytt skred, og vegen blei stengt igjen. Denne gongen i seks dagar.

No har regjeringa løyvd 40 millionar i friske pengar til skredsikring, for å unngå at noko liknande skjer igjen, skriv avisa Nordhordland.

Skal gå til skredvoll

Pengane skal gå til å bygge ein betre skredvoll i området.

– Dette syner handlekraft. Det er heilt uakseptabelt at vegen var stengt så lenge i vinter. Det stoppa trafikken og skapte kaos, seier Framstegspartiet sin finanspolitiske talsmann, Gjermund Hagesæter til avisa.

Har kravd meir pengar

Både Nasjonal rassikringsgruppe og ordførarane i Lindås og Masfjorden har bedt om å få skredsikring i Romarheimsdalen høgare opp på prioriteringslista.

Masfjorden-ordførar Karstein Totland (H) er overraska over at pengane til skredsikring kom så raskt, men veldig glad for beskjeden om at vegen deira no skal bli tryggare.

– Når ein fyrst legg vegen til fjells, må ein forventa at den vert stengt seinare og. Difor er eg nøgd no, men eg vil og ha omkøyringsvegane oppgradert, seier Totland.

LES OGSÅ: Lars (2) ble dekket av snø og glasskår

Siste video

Programleder: Mariann Reikerås
Se forskerne undersøke hvalen
Det aller første julemarkedet i Bergen er en suksess. Den første uken det har vært åpent har tusenvis av mennesker vært innom.