Hopp til innhold

4. divisjonsklubb vil bygga arena med plass til 5.000

Feirer opprykket frå 5. divisjon med gigantplanar til 250 mill. – Denne klubben har alltid vore spesiell.

Valestrand-Hjellvik - Osterøy (2015)

BREIDDEFOTBALL: Valestrand Hjellvik spela i 5. divisjon denne sesongen, men rykka opp i siste serierunde. Dei ambisiøse planane blei lansert på opprykksfesten.

Foto: Ove Håland

Valestrand Hjellvik frå Osterøy vil investera 250 millionar i ny stadion og fleirbrukshall, kombinert med leilegheiter og næringsormåde. Overtakinga av ei tomt på 45 dekar er snart i boks og finansieringsplanane er i rute.

– Det har alltid vore noko spesielt med klubben. Her er det entusiasme, energi og ambisjonar, seier dagleg leiar Ove Håland.

Valestrand Hjellvik sitt nye stadion

STORT: Fotballklubben har fått eit område på 45.000 kvadratmeter i gåve. Det legg til rette for eit nytt stadion, ein fleirbrukshall og store parkeringsareal.

Foto: Arkoconsult AS

– Spelte på ein «skuleplass»

Det som høyrest ut som utvidingsplanane til ein middels norsk toppklubb, er i realiteten storsatsinga til ein klubb som har veksla mellom 5-, 4-, og 3.-divisjon sidan grunnleggingsåret 1992. Skissene er eit resultat av planar som oppstod i 1999, då klubben trong ei avlastningsbane.

– Sist me var oppover i divisjonane, følte me «skuleplassen» me spela på hindra oss. Kapasiteten me planlegg er alt for stor til det nivået me spelar på i dag, men me har større sportslege ambisjonar enn 4. divisjon. Målet er å nå 1. divisjon.

Valestrand-Hjellvik - Osterøy

NABOOPPGJER: Valestrand Hjellvik i aksjon mot erkerival Osterøy FK for nokre sesongar sidan. Førstnemnde sikra opprykket på kostnad av naboklubben i siste serierunde.

Sikra opprykk i siste serierunde

Håland er dagleg leiar i det lokale utviklarselskapet Eiendomvest AS, som gir 4. divisjonsklubben ei tomt på 45.000 kvadratmeter i gåve.

– Klubben fortener og treng ein større arena. Me vil gjera det me kan for å gi klubben eit anlegg som står i stil med det han fortener, seier styreleiar i Eiendomvest, Roald Reime Fosse.

Han meiner tomteverien vil vera nokså høg når området er planert og regulert.

– Men det blir berre spekulasjonar. Poenget er at klubben er hjarta og sjela i lokalsamfunnet her ute og me har trua på prosjektet.

Klubben sikra opprykket i siste serierunde. Erkerival Osterøy snubla mot allereie opprykksklare Bergen Nord, og Valestrand Hjellvik kunna jubla for opprykk med siger i siste kamp.

Dermed blei det opprykksfest og markeringsfest for anlegget som har fått namnet Valestrandsparken.

Valestrand Hjellvik planlegger ny stadion

4.856: Det er talet på tilskodarar som kan sjå kampane til Valestrand Hjellvik om planane om den nye storstova på Osterøy blir realiserte.

Foto: Arkoconsult AS

Fryktar ikkje mageplask

Det er enno uvisst når arenaen med dei 4.856 sitteplassane kan stå klar. Men vegen er enno lang. Priskalkylen lyder på 250 millionar, som skal sikrast ved eigenkapital, sal og leigeinntekter.

Men detaljane er ikkje på plass.

– Det viktigaste er at me har ei tomt klar, ein plan for finansieringa og klare skisser for eit moderne anlegg. Området er i dag skog og udyrka mark, og eg trur det planmessige arbeidet skal gå i orden.

– Ein 4. divisjonsklubb som legg 250 millionar og nesten 5.000 sitteplassar i potten. Du er ikkje redd for å ta vatn over hovudet?

– Det er mange som lurar på det. Me vil heller byggja større enn mindre for å sikra å ta inn driftsinntekter. Vert det for lite, går det utover det som kan gje inntekter i kassa.