Hopp til innhold

38 omkomne på anlegg, men ingen i olja

Dårlege tryggleiksrutinar kan vere forklaringa på at 38 personar har mist livet i bygg og anlegg, medan ingen har omkome i oljebransjen.

Ulykke i Minnesund

ULVINTUNNELEN: 38 menneske har mist livet i bygg og anlegg dei fire siste åra. Bjørn Otto Rønning vart påkøyrt og døyde under arbeidet med tunnelen på Eidsvoll.

Foto: Lars Erik Skrefsrud

38 menneske har mista livet i bygg og anlegg dei fire siste åra, medan ingen har omkome på norsk sokkel i oljebransjen. Forsking viser at tryggleiksrutinane er mykje betre i oljebransjen.

Anne Bogsnes frå Bergen, som miste mannen sin i ei anleggsulukke, er skaka over HMS-arbeidet innanfor bygg- og anlegg.

– Det er heilt forferdeleg, seier Bogsnes.

Det er to år sidan bergenskvinna miste mannen i ei arbeidsulukke i Ulvintunnelen ved Eidsvoll. Ingen er vorte stilt til ansvar for ulukka.

– 15. mai er det to år sidan ulykka skjedde og det er framleis ingen avklaring. Vi veit ikkje om det blir tiltale eller ikkje, seier Bogsnes.

Må dokumentere tryggleik

Rutinane er mykje strengare i oljebransjen, seier Eirik Albrechtsen som forskar på sikkerheits-leiing ved NTNU.

Arbeidsulykke02

SKAKA: Anne Bogsnes frå Bergen, som miste mannen sin i ei anleggsulukke, er skaka over HMS-arbeidet innanfor bygg- og anlegg.

Foto: NRK

– Ein må gjennom eit tryggleikskurs, og du får ikkje jobbe før du dokumentere at du har tryggleikskompetanse, seier Albrechtsen.

Førsteamanuensis meiner det har vore alt for mange dødsulykker i bygg og anlegg dei seinare åra. Nærare bestemt 38 omkomne dei fire siste åra.

– Sjølvsagt så er over tretti omkomne for mange, seier Albrechtsen.

Systematisk arbeid med HMS

Dette står i sterk kontrast til tala i oljebransjen, som sjefingeniør Øyvind Lauridsen i Petroleumstilsynet nyleg la fram.

– Vi hadde den siste dødsulykke i 2009, seier Lauridsen.

Fem år sidan siste omkomne på norsk sokkel, kjem som eit klart resultat av systematisk arbeid med HMS over mange år.

Borghild Lekve

BØR LÆRE: Borghild Lekve, regiondirektør i Arbeidstilsynet meiner andre bransjar kan lære av oljebransjen.

Foto: Tale Hauso

– Om det er alvorlege forhold, så setje i verk vi sjølv gransking og ber selskapa å granske forholda, seier Lauridsen.

Bygg og anlegg har no også innført ein null-visjon med mål om ingen omkomne. Ifølgje forskaren er det mogeleg med målretta arbeid.

– Mange av ulykkene kunne ha vore forhindra med betre planar og teikningar, seier Albrechtsen.

– Bør lære av oljebransjen

– Ingen skal døy eller bli skadd av å gå på jobb. Det er veldig trist og beklageleg at vi har så høge tal i anleggsbransjen, seier Borghild Lekve, regiondirektør i Arbeidstilsynet.

Ho trur grunnen til forskjellane er at mange aktørar i bygg- og anleggsbransjen ikkje er like ressurssterke økonomisk, og meiner andre bransjar kan lære av oljebransjen.

– Krava til arbeidsgivar har nok vore like sterk i bygg og anlegg som i olje og gass. Men oljebransjen har nok vore flinkare til å jobbe med å realisere tryggleikskrava sine, seier Lekve.