Hopp til innhold

36-åring sikta for drap på mora: – Var psykotisk under drapet

Sakkunnige har konkludert med at mannen som er sikta for drap og drapsforsøk i Bergen, ikkje kan straffast. – Ein venta konklusjon, seier bistandsadvokaten til dei etterlatne.

Drap Nattlandsveien Bergen

DRAP OG DRAPSFORSØK: Politiet heldt vakt etter funnet av ei drepen kvinne (63) i ein leilegheit i Nattlandsveien i Bergen. Mannen hennar (59) vart funnen hardt skadd av ein politipatrulje i gata utanfor.

Foto: Marit Hommedal / NTB scanpix

12. mars i år vart ei 63 år gamal kvinne funnen knivdrepen på soverommet i heimen sin i Nattlandsveien i Bergen. Utanfor bustaden vart ektemannen (59) funnen hardt skadd.

Politiet arresterte den 36 år gamle sonen deira nokre få meter lenger opp i gata. Han er sikta for drap og drapsforsøk og har vore varetektsfengsla sidan då.

Måndag denne veka vart fengslinga forlenga med åtte veker i Bergen tingrett, dei fire første med brev og besøkskontroll.

Sakkunnige: – Kan ikkje straffast

I staden for varetektsfengsling, har mannen blitt tatt hand om av helsevesenet.

Ekteparet har sju vaksne barn og dei etterlatne har tidlegare fortald at dei lenge har vore uroa for den sikta sin helsetilstand.

Politiet oppnemnde to sakkunnige for å vurdere om 36-åringen var strafferettsleg tilrekneleg då drapet og drapsforsøket skjedde.

No er rapporten deira klar. Konklusjonen er at den sikta var psykotisk i gjerningsaugeblinken og dermed ikkje strafferettsleg tilrekneleg, opplyser politiadvokat Eli Valheim til NRK.

Dermed kan han ikkje straffast med vanleg fengsel, men vil bli dømd til tvungent psykisk helsevern om han blir funnen skuldig.

NRK får opplyst at politiet reknar med å vere ferdig med etterforsking av saka innan dei åtte varetektsvekene er over.

Truleg blir saka sendt til påtaleavgjerd hjå Statsadvokaten i september.

Thom B. Haaland, Helle Soltvedt og Eli Valheim i fengslingsmøte for drap nattlandsveien 13.mars

FENGSLA: Den drapssikta vart fengsla i åtte nye veker i tingretten denne veka. Her frå det første fengslingsmøtet i mars. Frå venstre: bistandsadvokat Thom B. Haaland, politietterforskar Helle Soltvedt og politiadvokat Eli Valheim.

Foto: Jon Bolstad / NRK

Ikkje overraska

I eit intervju med NRK i april, fortalde broren til den sikta at han tok med seg 36-åringen til Bergen legevakt tre veker før drapet, for å få han tvangsinnlagd. Det lukkast han ikkje i.

– For meg, så var han ei bombe som kunne sprenge når som helst, fortalde broren fortvilt.

Familien sin bistandsadvokat, Thom B. Haaland, seier til NRK torsdag at konklusjonen frå dei sakkunnige er som venta.

– Det heng saman med familien sine forsøk på å skaffe han hjelp før tidspunktet for handlingane. Det var ein grunn til at legevakt og andre instansar vart kontakta av familien, seier Haaland.

Fengslingsforlenginga i Bergen tingrett denne veka vart gjort som kontorforretning, det vil seie at den sikta ikkje møtte.

Politiadvokat Eli Valheim seier til NRK at dei ikkje har gjort fleire avhøyr av mannen. Ho vil ikkje svare på om tilsette ved legevakta er avhøyrd i etterforskinga.

Forsvarar Egil Jordan seier den drapssikta etter forholda har det bra.

– Han erkjenner ikkje straffskuld og seier han ikkje har gjort det han er sikta for. At det ikkje er gjort fleire avhøyr av han, vil eg anta er fordi politiet meiner saka er godt nok opplyst, seier forsvarsadvokaten.