Hopp til innhold

3000 prøver gav trygge svar om influensavaksinen

Forskarar frykta at vaksinen svekka immunforsvaret. No er den «friskmeld».

Rebecca Cox

Professor Rebecca Cox viser fram laboratoriet der 3000 blodprøver ligg lagra i 70 minusgrader.

Foto: Christian Lura / NRK

– Desse funna er kjempeviktige fordi dei syner at det er utelukkande positivt å ta årlege influensavaksinar, seier professor Rebecca Cox.

Ho og kollegaene ved influensasenteret på Haukeland universitetssjukehus har forska på om influensavaksinen kan ha negative biverknadar.

Og etter å ha analysert blodprøvane gjennom seks år slår forskarar no fast ein gong for alle: Vaksinen er trygg også når det kjem nye influensatypar.

– Det er berre positivt å vaksinere seg og du kan trygt ta vaksinen utan å vere redd for biverknader. Du blir beskytta mot influensasjukdom og det er ingen konsekvens om det kjem pandemi, seier Cox.

Får svar

Tidlegare studiar har antyda at årlege influensavaksinar kan føre til at ein ikkje utviklar ein naturleg immunitet, og difor vil vere meir utsett for å få influensa under ein pandemi, eller dersom sesongvaksinen ikkje samsvarar med viruset som sirkulerer i samfunnet.

– Influensavaksine har blitt brukt i over 50 år og vi veit at det er veldig effektivt mot influensastammer som forårsakar sjukdom, men når det kjem nye stammer har vi ikkje visst om det vil gje dårlege biverknadar av vaksinen, seier Cox.

Men no viser det seg altså at ein ikkje treng å vere redd for nye influensasjukdom.

Viktig for dei i risikogruppa

– Vi følgjer mykje med på vaksineforsking og spesielt om biverknadar. Vi ser at det er behov for meir kunnskap og dette resultatet er veldig interessant, seier avdelingsdirektør Siri Helene Hauge ved Folkehelseinstituttet si influensa avdeling.

Mange av dei som NRK møter på gata ser ikkje noko grunn til å ta vaksinen, då dei føler seg friske, men influensaforskaren oppmode spesielt alle i risikogruppa om å ta vaksinen, som kronisk sjuke og gravide kvinner.

– Og spesielt dei eldre bør ta den. Nær 1,5 millionar menneske i Norge høyrer til grupper som har auka risiko for å få komplikasjonar av influensa, så det er veldig viktig å ta vaksinen om ein er i risikogruppa, seier influensaforskaren.

Rebecca Cox

INFLUENSAFORSKAR: Du blir beskytta mot influensasjukdom og det er ingen konsekvens om det kjem pandemi, seier Rebecca Cox.

Foto: Christian Lura / NRK