NRK Meny
Normal

30-åring varetektsfenglsa i fire veker

Mannen som er sikta for medverknad til lekamsskading godtek å bli varetektsfengsla i fire veker med brev- og besøksforbod.

Krimteknisk undersøker staden der ei knivstikking skjedde

KNIVSTIKKING: Klokka 03.18 natt til måndag fekk politiet melding om knivstikkinga som skjedde utanfor uteplassen Finnegans i Bergen sentrum. Måndag morgon var politiet på staden og gjorde undersøkingar.

Foto: Siri Kleiven Strøm / NRK

Den 30 år gamle mannen møtte til fengslingsmøte i Bergen tingrett tidleg i ettermiddag.

Fengslingsmøtet gjekk av omsyn til etterforskinga for lukka dører, men politiadvokat Marita Mellingen og forsvarar Ann Turid Bugge seier til BT.no at mannen samtykker til fengslinga.

Lekamsskadinga mannen er sikta for medverknad til er knivstikkinga som skjedde utanfor uteplassen Finnegans i Bergen sentrum natt til måndag denne veka.

Tre menn blei knivstukke, og to av dei blei alvorleg skadde, den tredje var ei vakt som hadde tryggleiksvest på seg som stoppa kniven. 30-åringen som i dag blei varetektsfengsla blei arrestert av politiet seint måndag kveld.

Politiet har etterlyst ein mann

Ein annan mann blei arrestert i løpet av natt til tysdag, og politiet opplyste tysdag at begge er sikta for medverknad til lekamsskading. Den andre mannen blei lauslaten i går, men har framleis status som sikta.

Politiet har også etterlyst ein tredje mann i høve knivstikkinga. Dei gjekk i går ut med bilete og signalement av denne mannen.

LES OGSÅ: – Plutselig så vi at han hadde et knivstikk i magen | Vitne om knivstikking: – Såg ut som han leitte etter bråk


Siste video

Programleder: Mariann Reikerås
Se forskerne undersøke hvalen
Det aller første julemarkedet i Bergen er en suksess. Den første uken det har vært åpent har tusenvis av mennesker vært innom.