Hopp til innhold

Fullt rabalder i Nygårdsparken

Tre personar arrestert for tjuveri og slåssing etter politiaksjon i Nygårdsparken.

Aksjon i Nygårdsparken

AMPER STEMNING: 3 personar vart laurdag pågripne etter amper stemning i Nygårdsparken. Biletet er frå ein tidlegare politiaksjon same stad.

Foto: NRK

Klokka halv 11 laurdag føremiddag fekk politet melding om at fleire menn hadde prøvd å bryta seg inn i ein safe i REMA 1000 sin butikk i Nygårdsgaten i Bergen.

- Etter å ha stukke av frå staden vart dei to seinare observert i Nygårdsparken, og pågripne for forsøk på tjuveri, seier operasjonsleiar, Svein Lyssand ved Hordaland politidistrikt.

Dei arresterte er to menn på 37 og 21 år.

Amper stemning

Rabaldet var derimot ikkje over med det. Då politiet kom til Nygårdsparken braut det ut full slåssing i parken.

- Stemninga var rett og slett veldig aggressiv, og det var ei stund ganske uoversiktleg, seier Lyssand.

Fleire naboar reagerte på svært amper stemning i parken.

Til slutt vart òg ein 49 år gammal mann fakka av politiet for å ha vore aggresiv og bidrege til regelrett slåssing.