Hopp til innhold

2,9 prosent arbeidslause

I mai var arbeidsløysa i Hordaland på 2,9 prosent. Det betyr ein nedgang på over 800 personar i høve til i fjor, skriv Nav i ei pressemelding. – Etter dei fire første månadene i år kan vi konstatere at den positive utviklinga i arbeidsmarknaden ikkje berre var eit blaff, seier ass. fylkesdirektør Tommy Johansen (biletet). Øygarden, Austrheim og Fjell har flest arbeidslause, Jondal, Modalen og Eidfjord færrast. I Noreg har talet gått ned frå 2,9 til 2,6 prosent det siste året.

Mobilbilde fra Bidra
Foto: Christian Lura / NRK