Hopp til innhold

Åt 2,2 kg biff på 50 minutt!

Route 66 USA skal kåre Noregs beste storetar. Raymond frå Bergen åt 2,2 kg biff på 50 min!

Raymond Strømnes åt 2,2 kg biff på 50 minutt!
Foto: Arve Stallvik

Er dette Noregs beste storetar? Mykje tyder på det. Raymond Strømsnes (33) frå Bergen, åt nyleg 2,2 kg biff på 50 minutt!

- Ingen av dei 5000 me har hatt med oss på Route 66 i USA har hittil klart å presse i seg den verdsberømte Route 66-biffen i Texas på 2,2 kilo. Eg er mektig imponert, seier Arve Stallvik, arrangør av "Noreg på langs på 66 timar" - der dei skal kåre Noregs beste storetar.

66 minutt lang kamp

Raymond og dei andre deltakarane hadde 66 minutt på seg. Raymond stappa inn den siste biten 16 minutt før tida var ute. Utan å sprekke eller besvime...

Arrangøren reiser i desse dagar Noreg på langs frå Lindesnes til Nordkapp for å kåre Noregs beste storetar.

Vinnarane i kvar by samlast til Landsfinalen på Trysil. Den beste kappetaren der får gratis reise på Route 66 USA.

- Eg er for tida arbeidsledig så eg takkar ja til all slags gratis mat, fleipar storetaren frå Askøy utanfor Bergen.

Arrangør Arve Stallvik gratulerer Raymond Strømsnes

Arrangør Arve Stallvik gratulerer Raymond Strømsnes

Foto: Privat

- Eg gjer ikkje dette igjen

Raymond gjekk tilfeldigvis forbi då han såg moglegheita for ei reise på route 66 i USA og meldte seg på.

- Eg såg moglegheita til å vinne ei reise på Route 66 i USA, og for meg finnast ikkje større motivasjon. Fyrste halvpart gjekk greit. Dei siste
1,1 kilo pressa eg ned på rein vilje. Det var veldig veldig tøft. Eg sveitta og var dyrisk mett. Neste måltid blir fisk. Eg trudde faktisk ikkje eg skulle klare det, seier Bergens mest hungrige mann.