27 millionar til ny forsking

Regionalt forskingsfond for Vestlandet gjev nærare 27 millionar kroner til ny forsking i regionen. Mellom anna vert det gjeve støtte til kartlegging av mikroplast i bymiljø i regi av Bergen kommune, eit prosjekt for å førebyggja, avdekkja og handtera mobbing i barnehagar i Askøy kommune, og eit forskingsprosjekt på larvar, hushaldsavfall og fôr, ved Nibio i Ullensvang.