Hopp til innhold

26-åring sett i arresten for fyll

Ein 26 år gamal mann er meldt for ordensforstyrringar og sett i arresten etter å ha oppført seg trugande i Bergen sentrum. – Han blei sett i handjarn av ein vektar på Torgallmenningen og fekk pålegg om å reisa heim. Berre minutt seinare var det ein ny episode utanfor Xhibition. Han fekk ikkje fleire sjansar, seier operasjonsleiar Vibeke Ness i politiet.