Hopp til innhold

– Ingen snakka saman. Det var ein heilt uverkeleg situasjon

Det er 25 år sidan Fantoft stavkirke brann ned. Brannen er den stillaste tidlegare brannsjef Helge Eidsnes har vore med på.

Fantoft stavkirke

BRANN TIL GRUNNEN: – Det er kanskje den mest overtente bygninga eg har sett gjennom 20 år, seier Helge Eidsnes, ein av dei første brannmennene på staden då Fantoft stavkirke stod i full fyr.

Foto: Gidske Stark / NTB scanpix

– Det hadde vore veldig fint ver i mai og juni, så me var veldig på alerten med tanke på skogbrannfare, seier Helge Eidsnes.

For 25 år sidan var han brannvakt i Bergen. Den første meldinga om brannen på Fantoft kom i firetida på natta. Eidsnes var blant dei første på staden.

– Straks vassforsyningane var etablert, så stod kvar og ein og gjorde sitt. Men det var ingen som snakka saman, for det var ein heilt uverkeleg situasjon. Det er den stillaste brannen eg har vore med på, seier Eidsnes, som seinare har vore brannsjef i Bergen, og no er regionvegsjef.

– Mest overtente bygninga eg har sett

Fantoft stavkirke blei bygd rundt år 1170, og stod i Fortun i Sogn fram til ho blei flytta til Bergen i 1883. 6. juni 1992 stod ho i full fyr.

Det blei lagt ut nærmare to kilometer med brannslangar, og 20 mann kjempa mot flammane, men brannvesenet skjønte fort kva veg det bar.

– Det er kanskje den mest overtente bygninga eg har sett gjennom 20 år. Fana brannstasjon var framme først, berre eit par minutt etter første melding. Allereie då var kyrkja fullstendig overtent.

Eidsnes fortel at det ikkje var mogleg å redda noko av kyrkja, som var impregnert i tjære, og at det berre tok ein halvtime før ho var brunne til grunnen.

Helge Eidsnes

MISTENKTE RASKT BRANNSTIFTING: – Det var ikkje veldig mange naturlege brannkjelder som skulle tilseia at kyrkja plutseleg skulle begynna å brenna, seier Helge Eidsnes.

Foto: Anders Tesdal Galtung / NRK

Den første kyrkjebrannen

For mange kjendest det veldig meiningslaust at Fantoft stavkirke, med si historiske og antikvariske verdi, blei brunne ned. Eidsnes tenkte at brannårsaka var ganske openberr frå starten av.

– Det var ikkje veldig mange naturlege brannkjelder som skulle tilseia at kyrkja plutseleg skulle begynna å brenna. Iallfall ikkje etter at me fekk sjekka ut det elektriske anlegget, seier Eidsnes.

Brannen på Fantoft stavkirke var den første av kyrkjebrannane som herja Noreg på byrjinga av 90-talet. Varg Vikernes blei dømt for tre slike brannar. Han var også mistenkt for å ha sett fyr på Fantoft stavkirke, men blei frifunnen i retten under dissens.

– Brannen på Fantoft var den første i ein serie. Seinare same år, natt til julaftan, blei gamle Åsane kirke påtent. Eg hadde vakt den gongen også, og det var først etter det at ein begynte å snakka om at det kunne vera ein samanheng, fortel Eidsnes.

Glad for rekonstruksjonen

Eidsnes fortel at veldig mange stavkyrkjer, som tidlegare ikkje var godt nok sikra, blei sikra med sprinklaranlegg dei etterfølgande åra.

Kopien av Fantoft stavkirke stod ferdig i 1997, og Eidsnes har sjølv vore inne i ho.

– Eg synest at det blei veldig flott gjenoppbygging, og eg meiner det er veldig rett at den blei bygd opp igjen, seier han.