Tysdag offentleggjorde Bergen kommune året hovudopptak til byens barnehagar.
Alle søkjarar som bur i bydelane Fana, Ytrebygda, Laksevåg, Fyllingsdalen og Åsane har fått tilbod om plass i sin eigen bydel, dersom dei har ønskt seg der.
I bydelane Arna, Bergenhus og Årstad bur det derimot 233 barn som ikkje har fått familiens ønske oppfylt.
Byråden: – På rett veg
I tillegg har alle barn over tre år som bur i Bergenhus og har ønskt seg plass i eigen bydel, fått det.
Byråd for barnehage og skule, Harald Victor Hove, er nøgd med situasjonen.
–Vi er glade for at fleire og fleire søkjarar får tilbod om plass i den bydelen der familien bur eller jobbar.
Forstår at folk er skuffa
Samtidig forstår han at dei som står utan ønska plass i nærområdet eller nært arbeidsplassen, ikkje er like nøgde med årets opptak.
– At vi er stadig nærare vårt eige mål er likevel ei fattig trøyst for dei foreldra som får plass i ein annan bydel og barnehage enn der dei har søkt.
Alle med lovfesta rett har fått
Alle med lovfesta rett, totalt 2845 søkjarar, har fått plass i kommunen. I tillegg har 217 barn som er fødd etter 1. september 2013 fått plass, trass i at dei ikkje har lovfesta rett til det.
78 prosent av søkjarane har søkt om plass i ein barnehage i sin eigen bydel som første prioritet.
Hove legg til at det heile tida går føre seg eit suppleringsopptak til barnehagar med ledig plass utanom haustens hovudopptak.
–I år har vi fleire ledige plassar etter at alle tilboda i hovudopptaket har gått ut. Dermed håpar vi at fleire av dei som ikkje har fått innfridd første-ønsket sitt, skal få de ti løpet av sommaren, avsluttar byråden.