22 personar er evakuerte

22 tilsette og innsatte i austre del av fengselet er evakuerte etter brannen på ei celle i Bergen fengsel. Røykdykkarar undersøkjer no cella. – Sånn eg forstår det er det personale i fengselet som har sløkt brannen, opplyser vaktkommandør Jan Ove Haga i 110-sentralen. Politiet veit enno ikkje kva som starta brannen.