Hopp til innhold

Kan bli tidenes turistår for hotellnæringa

Hotellnæringa har all grunn til å juble over 2014. Talet på gjestedøgn på hotella har hatt ein kraftig auke i mai, og det ser lovande ut for resten av sommaren.

Nina Askvik

MERKAR AUKE: Nina Askvik som er leiar av Radisson Blu Royal Hotell, Bryggen, merkar at det er fleire turistar som kjem frå Russland og USA.

Foto: Espen Hatlestad / NRK

– Det har vore ein fantastisk start på sommarsesongen, seier Nina Askvik som er leiar av Radisson Blu Royal Hotell, på Bryggen i Bergen.

Ifølge Statistisk sentralbyrå var det i mai i år heile 1,66 millionar overnattingar samla i Noreg, noko som er ni prosent fleire enn i mai 2013.

– Mai og juni har vore enda betre enn i fjor. Me var veldig nøgde i fjor, men i år er me faktisk enda meir nøgde, seier Nina Askvik.

Fleire utanlandske gjestar

Ifølge Statistisk sentralbyrå gjekk utanlandske hotellovernattingar i Noreg opp med 39.000, eller ti prosent, mellom mai 2013 og mai 2014. Norske overnattingar auka i same periode med ni prosent, eller 98.000 overnattingar.

– Me merkar ein oppgang i par som kjem frå utlandet, kanskje spesielt i det russiske marknaden og det amerikanske marknaden, seier Nina Askvik.

Det er ikkje berre Askvik og Radisson Blu Royal Hotell i Bergen som merkar ei auke i turistar på hotellet. Auken gjeld resten av fylket - og dei fleste delar av landet.

I Hordaland aleine hadde hotella samla heile tolv prosent fleire gjestedøgn i mai 2014 enn i mai 2013.

– Bergen har bra vekst

Ole Warberg

Ole Warberg som er reiselivsdirektør i Bergen seier ny kapasitet kan vere grunnen til at hotella i Bergen har hatt god vekst i talet på gjestedøgn.

Foto: Espen Hatlestad / NRK

I Bergen var auken på talet på gjestedøgn heile 17 prosent i mai samanlikna med same månad året før, medan auken i juni var på 8 prosent.

– Bergen har jo hatt ein veldig bra vekst dei siste åra, seier Ole Warberg som er reiselivsdirektør i Bergen.

Han seier det er fleire grunner til veksten.

– Ny kapasitet, nye mogelegheiter med nye flyruter, og ferjetrafikken har og auka på Bergen. Dette gir òg trafikk til heile Hordaland slik at me har eit godt produkt kvar me ser land og by saman på ein god måte når det gjeld opplevingar.