Kommunen har så langt betalt ut 280 000 kroner i erstatning, men reknar med at talet vil stiga kraftig.
- Bør betala for kjøpevatn
Britt Johannessen er ei av dei som har fått erstatta lege- og medisinutgifter. Ho meiner kommunen óg burde dekka utgiftene til kjøpevatn.
- Så lenge eg betalar for ei vare i vassavgift og får ei vare som ikkje er drikkande, så tykkjer eg at dei skal betala for det drikkevatnet som eg må kjøpa i butikken, seier ho.
Parasitten Giardia Lamblia.
50 søknader enno ikkje handsama
Erstatningssummane som er utbetalt til no varierer frå ein hundrelapp til opp mot 4000 kroner. Enno er det rundt 50 søknader som ikkje er handsama.
Det dreier seg om større beløp, der folk har søkt om å få dekka tapt arbeidsforteneste.
Ikkje for seint å søkja
Fungerande byrådsleiar Hans Carl Tveit garanterer at alle søknadene kjem til å verta seriøst handsama, og at alle relevante krav vil verta innfridde.
- Det er klart at tapt arbeidsforteneste og tapt studietid er absolutt relevant, presiserer Tveit.
Dei som eventuelt vert sjuke no, eller får ettervirkningar, har óg høve til å få erstatning.