Hopp til innhold

20 vil bli kommunikasjonssjef på DNS

– Oppsiktsvekkande kort, seier omdømmeekspert om søkjarlista til stillinga som kommunikasjonssjef ved Den Nationale Scene.

Den Nationale Scene DNS i Bergen

NY SJEF: 20 har søkt på stillinga som ny kommunikasjonssjef ved DNS i Bergen. Tilsetjing skjer neste veke.

Foto: Alrik Velsvik / NRK

Lista over personar som har søkt på den ledige stillinga som kommunikasjonssjef ved DNS i Bergen tel 20 personar.

– Lista er oppsiktsvekkande kort, er omdømmeekspert Magnus Hoem Iversen ved UiB sin kommentar.

Det har storma friskt rundt teateret i Bergen det siste året. Sidan i fjor haust har DNS vore i ei djup konflikt om arbeidsmiljøet, med varslingar om fryktkultur og mobbing.

– Kan ha påverka søkjartala

Magnus Hoem Iversen

Omdømmeekspert Magnus Hoem Iversen ved UiB.

Aller lengst gjekk tidlegare kommunikasjonsdirektør Finn Bjørn Tønder, som sa opp i protest mot direktør Bente Hartvedt Ringstad.

Han hevda mellom anna at Ringstad hadde ein diktatorisk leiarstil. Konklusjonen frå ein ekstern gransking frå advokatfirmaet Dialog Advokatar konkluderte med at det ikkje eksisterer ein fryktkultur på teateret, men at konflikthandteringa er for dårleg.

Hoem Iversen seier bråket kan ha påverka søkjartala til den ledige stillinga som kommunikasjonssjef.

– Ein grunn kan vera at mediebildet rundt DNS den siste tida har vore prega av mykje konflikt, personstrid og rettssaker.

– Når det er sagt – sjølv om lista er kort, så er det gode kandidatar her, presiserer omdømmeeksperten.

Stiller spørsmål ved direktørens rolle

Etter bråket bestemte teatersjef Agnete Haaland at direktør Bente Hartvedt Ringstad ikkje lenger skal ha personalansvar for kommunikasjonsavdelinga ved teater.

Likevel sit ho i tilsetjingskomiteen for dei ledige stillingane i avdelinga. Det set Hoem Iversen spørsmålsteikn ved.

Bente Hartvedt Ringstad

DNS-direktør Bente Hartvedt Ringstad i midten, her i forbindelse med rettssaka mot tidlegare tilsett Øyvind Eskildsen.

Foto: Anders Ekanger / NRK

– Det kan sende eit signal om at problemet og konflikten varer ved. Det ligg mykje makt i det å vera med å bestemma kven som skal tilsettast.

– Men det er vel ganske naturleg at ein direktør er med å tilsetje ein kommunikasjonssjef?

– Det er sant. Men det kan gje inntrykk av at direktøren har ein finger med i spelet likevel. At ingenting har forandra seg, svarar Hoem Iversen.

Ønskjer ikkje å kommentera

Verken teatersjef Agnete Haaland eller styreleiar Siren Sundland ønskjer å kommentera kritikken, men seier til NRK at dei har fått mange spennande og dyktige søkjarar.

Tilsetjing skjer neste veke.

I dag vart det også kjent at Beate Thomassen er tilsett som ny HR-leiar på teateret. Ho kjem frå stillinga som personalsjef ved Bergens Tidende.

– Beate Thomassen vil bli ein sentral støttespelar for leiarar og alle tilsette ved DNS, skriv teatersjef Agnete G. Haaland i ei pressemelding.