NRK Meny
Normal

20 tilsette må gå i Bergens Tidende

Mediehuset må kutte utgiftene med 20 millionar kroner. – Krevjande, men naudsynt, seier sjefredaktør Gard Steiro.

Bergens Tidende i Krinkelkroken
Foto: André Marton Pedersen

Gard Steiro

Sjefredaktør Gard Steiro.

Foto: Jan M. Lillebø / Jan M. Lillebø

Det er avisa sjølv som skriv om millionkutta torsdag. På eit styremøte i dag vart det vedteke at kostnadsnivået må ned med 20 millionar kroner, skal Bergens Tidende unngå underskot i 2016.

– Vi har ei krevjande oppgåve framfor oss, men den er naudsynt. Vi er betre rusta til å takle dette enn dei fleste, seier sjefredaktør Gard Steiro.

Dei tilsette fekk beskjeden om styrevedtaket på eit allmøte i ettermiddag. Styret har bestemt at avisa framleis skal gjevast ut sju dagar i veka.

– Vi vil forsøke å effektivisere produksjonen av papiravisa. Men vi vil arbeide for at publikum merkar minst mogleg til kutta. Vi vil verne om det journalistiske innhaldet, seier Steiro til NRK.

Kuttar i redaksjonen

Millionkuttet går hardast utover redaksjonen, der det no må nedbemannast.

- Det er endringar i mediebransjen. Annonseinntektene på papir går ned, medan inntektene aukar på nett. Vi må kutte kostnadar, forklarar Steiro.

Avisa skriv at det handlar om kring 20 tilsette som må gå. Den første opne runden med sluttpakkar byrjar 5. desember, og det vert forhandla om sluttpakkar på mellom åtte og 15 månadslønner.

I ytterste konsekvens kan Bergens Tidende gå til oppseiingar, om ikkje mange nok tek sluttpakke frivillig.

– Tung og vanskeleg dag

Det jobbar kring 140 tilsette i redaksjonen i dag. Også for to år sidan måtte kring 20 tilsette gå når avisa hadde kuttrundar.

Arne Colliander er nestleiar i redaksjonsklubben i Bergens Tidende.

– Det er klart dette er ein tung og vanskeleg dag for dei tilsette i redaksjonen, spesielt dei gruppene som føler dei blir mest råka av kutta, seier Colliander til NRK.

– Kutta vil merkast

Han seier dei tilsette var førebudd på kutt, men at det likevel blir tungt når dei konkrete talet kjem på bordet.

– Vi merkar kvar einaste tilsett som går ut av dørene her, så det vil antakelegvis merkast på produktet vårt. Papiravisa vil bli meir kompakt og ikkje like fyldig slik den er no i dag.

– Er dykk samde i at det er naudsynt med kutt?

– Vi tek innover oss dei økonomiske prognosane som er lagt fram, men i slik situasjon som dette så føreset vi at våre toppleiarar og eigarar er svært måtehaldne når det gjeld utbytte og spesielt bonusordningar.

Siste video

Programleder: Mariann Reikerås
NRK oppsummerer VM så langt.
Den internasjonale sykkelpresidenten Brian Cookson bommet på årstallet da han åpnet sykkel-VM i Bergen.