Hopp til innhold

Theas far omkom på «Sleipner». Så ramma tragedien på nytt

BERGEN (NRK): – Du kan velje å gje opp. Men eg er ikkje typen til å gjere det, seier farmor Tove Følid, 20 år etter Sleipner-ulukka.

Thea

MINNEBOK: Thea Kogstad blei 18 år. Far hennar døydde i Sleipner-ulukka. Farmor Tove Følid har samla eigne foto i eit minnealbum.

Foto: Therese Grimstad Pisani / NRK

Tysdag er det 20 år sidan MS «Sleipner» gjekk på eit skjer og gjekk ned utanfor Ryvarden fyr i Sveio i Hordaland.

Ein av dei nyaste katamaranane til reiarlaget HSD forlet Haugesund klokka 18.50 denne fredagskvelden. Om bord var det 76 passasjerar og eit mannskap på ni på veg til Bergen.

Så langt kom dei ikkje.

I høge bølger og sterk vind frå sørvest køyrde båten på Store Bloksen, eit skjer vest av Sveio. Klokka 19.08 sende dei ut naudmelding. Klokka 19.40 gjekk «Sleipner» ned.

På kort tid blei botnen skoren opp, og vatn strøymde inn. Båten sklei av skjeret. Overstyrmann Olav Skjetne har skildra det «som om skutesida blei opna av ein svær boksopnar».

Ein av passasjerane var 18 år gamle Wim Christer Følid Zwinkels frå Bergen. Heime sat mor hans Tove Følid og venta, saman med kjærasten til sonen og den eitt år gamle dottera deira.

– Eg låg og kvilte og høyrde eit hyl. Det var kjærasten til Wim som skreik at Sleipner hadde gått ned. Ho hadde sett det på nyheitene. Eg forstod fort at dette ikkje hadde gått bra, seier ho.

Wim Christer Følid Zwinkels

MISTA LIVET: Wim Christer Følid Zwinkels mista livet under Sleipner-ulukka for 20 år sidan. Wim var ein av 16 som mista livet.

Foto: Privat

Funnen fire månader etter forliset

16 menneske omkom i forliset. Wim Christer Følid Zwinkels blei først funnen fire månader etter ulukka.

– Leiteaksjonen skulle vara i ti dagar, men blei avslutta grunna dårleg ver. Eg fekk beskjed frå politiet om at det ikkje var hensiktsmessig å leite meir. Då blei eg sint.

Følid sette seg ned og sende ut faks til bedrifter med spørsmål om dei kunne bidra med pengar til søket. Dag og natt sende ho faks. Til slutt fekk ho hjelp. Først eit år etter ulukka var alle dei omkomne funne.

Sleipner

DRAMATISK: Det var dramatisk då MS «Sleipner» gjekk ned og sokk utanfor Ryvarden fyr i Sveio i Hordaland.

Foto: Alf Ove Hansen / Scanpix

Høyr meir om Sleipner-ulukka her:

Mista barnebarnet

Men elendet stoppa ikkje der. For tre år sidan mista Tove barnebarnet sitt, Thea, dottera til Wim. Ho hadde eit rusproblem og døydde mellom anna av rusrelaterte skadar.

– Eg er sikker på at skjebnen hennar hadde vore annleis om Wim hadde overlevd, seier ho.

Også mor til Thea, kjærasten til Wim då han gjekk bort, har gått bort. Ho døydde av kreft.

I dag er Tove leiar i støttegruppa for dei etterlatne etter ulukka. Det er det som held ho gåande etter alt som har hendt.

– Plutseleg hadde eg ingen igjen. Det var heilt tomt. Det kjem dumme tankar. Kvifor skal eg ta vare på ting, og kvifor skal eg ta bilete? Det er jo ingen som skal sjå dei. Då var dei andre i støttegruppa viktige.

– Korleis kjem du deg gjennom ein storm som dette?

– Du kan velje å gje opp, eller du kan halde fram. Eg er ikkje typen til å gje opp, seier Følid.

Tov Følid

HURTIGBÅTKAIA: Tove Følid tilbake på Strandkaien der «Sleipner» skulle ha lagt til kai for 20 år sidan.

Foto: CHRISTIAN LURA / NRK

Vil undersøkje seinskadar

Tysdag er det 20 år sidan ulukka. Tove vil saman med resten av støttegruppa arrangere ei markering ved Ryvarden for 100 etterlatne, overlevande og pårørande.

Men arbeidet sluttar ikkje der. No ber Følid på vegner av støttegruppa om ein statleg undersøking av seinskadar etter Sleipner-ulukka.

– Det er så mange mørketal når det gjeld seinskadar. Det er angst, søvnproblem og ein slags dårleg samvit for å ha overlevd, seier ho.

NRK rettar: I den første versjonen av denne saka var etternamnet Zwinkels stava som Swinkels.

Hurtigbåten MS Sleipner på havbunnen ved Sveio i Hordaland.

KAPTEINEN DØMD: Etter ulukka blei kapteinen dømd til seks månadars fengsel på vilkår.

Foto: Erlend Haukeland