NRK Meny
Normal

2 av 3 for tidleg fødde barn får store helseplager seinare i livet

BERGEN (NRK): Banebrytande forsking har for første gong sett på korleis ekstrempremature barn klarer seg frå fødsel til dei blir vaksne.

Prematurt barn, jentebaby, på Haukeland universitetssjukehus

TIDLEG TIL VERDA: Denne jenta vart fødd for tidleg på Kvinneklinikken i Bergen i haust. Det er enno for tidleg å seie om ho får helseplager seinare i livet.

Foto: John Nøstdal / NRK

Resultata av ein mange år lang forskingsstudie på Universitetet i Bergen (UiB) er klare. For første gong er ekstrempremature barn følgt frå fødsel til vaksenliv.

Forskinga syner at to av tre barn som blir fødde før 28. svangerskapsveke, får store helseplager seinare i livet.

– Ein tredel gjer det eigentleg greitt, ein tredel strevar ein del, medan den siste tredelen strevar veldig mykje seinare i livet, konstaterer professor Thomas Halvorsen ved Klinisk institutt 2 på Universitetet i Bergen.

Eg har litt dårleg balanse og er litt klossete.

Eirik Dalheim

Banebrytande forsking

Barn fødde før 28. svangerskapsveke er definert som ekstrempremature i Noreg. Kvart år vert kring 300 barn fødd over tre månadar før termin. Før 1980-talet var dette barn ein sjeldan makta å berge.

Eirik Dalheim

FORSKA PÅ: Eirik Dalheim (31) er ein av dei premature barna som vart fødd på 1980-talet, og har bidrege til forskinga heile sitt liv.

Foto: John Nøstdal / NRK

Ekstrempremature frå dei siste tre tiåra vert no følgt tett i det som vert skildra som eit internasjonalt banebrytande forskingsprosjekt. Dei ser at dei fleste alt for tidleg fødde frå 80-talet har problem i dag.

– Dei strevar med ulike forhold knytt til lungefunksjon, og i større eller mindre grad med forhold knytt til hjernen, forklarer Halvorsen.

– Nokre har heilt konkrete utfall, strevar med å bevega ein arm, eit bein eller har problem med å gå. Nokre må sitja i rullestol, medan andre har tilstandar som liknar ADHD.

– Glad for at det har gått bra

Dei eldste ekstrempremature i prosjektet er i dag i 30-årsalderen. Eirik Dalheim (31) er ein av dei, og er beviset på at det kan gå bra.

– Men eg har litt dårleg balanse og er litt klossete. Eg har også blitt fortalt at eg er eit par centimeter lågare enn eg kunne vore. Det er sårt, men ikkje akkurat ei plage, smiler Dalheim.

To av tre barn som blir fødde alt for tidleg, får store helseplager. Det viser ein studie som er gjort i Bergen.

SE VIDEO: Dette har forskarane funne ut.

På spørsmål om kva han tenkjer om resultata av studien, svarar han at han er glad det har gått bra med han.

– Eg tenkjer at eg har vore utruleg heldig. Det kunne like godt vore meg som fekk lungeproblem eller cerebral parese.

Prematurforeningen: – Nyttig

I dag er situasjonen for premature heilt annleis enn den var før 1980-talet i Noreg. Ikkje berre auka overlevinga, men dei premature barna får det betre, påpeikar professor Halvorsen.

Thomas Halvorsen, professor klinisk institutt UiB

UNIKT PROSJEKT: Professor Thomas Halvorsen ved klinisk institutt på UiB har leia prosjektet.

Foto: John Nøstdahl / NRK

– Dei veks opp i stor grad på grunn av vår innsats som helsevesen. Då er det vår plikt å undersøka kva utvikling dei får seinare i livet og kva slags liv dei får.

Prematurforeningen meiner forskingsresultata frå Bergen er svært viktige.

– All informasjon vi kan få er veldig nyttig og kan bidra til at personar som jobbar med barn får kunnskap om korleis dei kan hjelpe premature barn, både i barnehagen og i skulen, seier dagleg leiar Hege Nordhus.

Siste video

Aune og Vebjørn Sand med lågterskel kunstutstilling i Bergen.