Hopp til innhold

1,8 meter høg vegg øydela utsikta til Grethe. Kommunen lovar snarleg løysing

Ordføraren lovar rask og betre løysing etter at den omstridde veggen blei sett opp framfor bufellesskapet i Os. Men dei pårørande har ikkje tru på lovnadane.

Grethe Skåla viser veggen som blei sett opp utanfor bustaden hennar i Idrettsvegen bufellesskap.

OVERRASKA: Plutseleg var utsikta som Grethe Skåla hadde hatt i 20 år totalt øydelagt. No håpar familien på å få veggen vekk igjen.

Foto: Kenneth Svenningsen / Os & Fusaposten

– Det var eit sjokk å komma på besøk til dottera vår og plutseleg sjå den høge veggen blokkera all utsikt, seier Aud Ingrid Skåla.

Ordførar: – Viktig at bebuarar blir høyrt

NRK fortalde fredag om dottera hennar, Grethe Skåla, som i 20 år har budd i bufellesskapet for psykisk utviklingshemma i Os, sør for Bergen.

Her naut ho utsikt mot naturen heilt til Bjørnafjorden kommune måndag 13. januar sat opp den 1,8 meter høge veggen som sperra heilt for sikta hennar.

Ordførar Trine Lindborg i Bjørnafjorden kommune vedgår at kommunikasjonen med dei pårørande har vore altfor dårleg.

Ho lovar ei rask løysing.

– Det viktigaste for meg er at bebuarane blir høyrde, seier Lindborg.

– Det er ulike syn

Einingsleiar for tilrettelagde tenester i kommunen, Torunn Haugen, seier det er for tidleg å seie kva løysing kommunen vil landa på.

Ho stadfestar at kommunen jobbar med fleire skisser til ei alternativ utforming på veggen ut frå innspel frå dei pårørande.

– Det er ulike syn på korleis dette skal løysast, men vi har fortløpande kontakt med dei det gjeld, seier Haugen.

– Tolmoda på brestepunktet

– Du kan jo tenka deg å bu ein plass i 20 år med utsikt, og så plutseleg kjem det ein slik høg vegg opp, seier Aud Ingrid Skåla.

Ho fortel at tolmoda no er heilt på brestepunktet, og tek ikkje løftet til ordføraren for god fisk.

– Me har ikkje høyrt eit einaste ord frå kommunen den siste veka. Eg har ikkje tru på at løysinga kjem raskt, seier ho.

Aud Ingrid Skåla

FORTVILA: Mora til bebuar Grethe Skåla, Aud Ingrid Skåla, er fortvila over situasjonen. – Me har ikkje fått vita noko om kvifor veggen kom opp, seier ho.

Foto: privat

Håpar på løysing om ei veke

Styreleiar Gerhard A. Hansen i den ideelle Stiftelsen Steindalen, som eig bustadane, fortel at han var i kontakt med kommunen tysdag.

Der la kommunen fram ein framdriftsplan for arbeidet med skissene til ein ny vegg.

– Slik eg forstår det, er målet å landa på ei løysing i løpet av ei dryg veke, seier Hansen.

Ordførar Lindborg understrekar at det er viktig for kommunen å finna ei løysing som passar for alle.

.

Gerhard A. Hansen er styreleiar i Stiftelsen Steindalen, som eig bygningane bufellesskapet held til i.

DÅRLEG LØYSING: – Ein treng ikkje mykje arkitektonisk innsikt for å sjå at denne veggen ikkje er ei god løysing for verken bebuarar eller forbipasserande, seier styreleiar Gerhard A. Hansen i Stiftelsen Steindalen.

Foto: Kenneth Svenningsen / Os & Fusaposten

Blei ikkje varsla om veggen

Først dagen etter at den var komen opp fekk bebuarane brev om veggen. Brevet kom etter at foreldra hadde bedt om eit møte.

I brevet skriv kommunen at dei har sett opp veggen fordi dei vil skjerma bebuarane for innsyn.

– Det kunne ein klart med gardiner og persienner, meiner Kjell Skåla.

Han krev at kommunen riv veggen.

Kommunen vil ikkje utdjupa årsakene til at dei har sett opp veggen, og viser til teieplikta.