Hopp til innhold

18-åring kasta brustein i hovudet på kvinne – kvinne frakta vekk i ambulanse

To 18-åringar arresterte i Bergen. Væpna aksjon, slagsmål og narkotikabeslag i Bergen i natt.

Politibil på Torgallmenningen i Bergen sentrum

SLAGSMÅL: Ved Torgallmenningen i Bergen barka to 18-åringar og ei større gruppe saman natt til sundag. Konflikten enda med at ein av 18-åringa kasta brustein mot personane.

Foto: Kjell Jøran Hansen / NRK

To personar sit i drukkenskapsarresten og seks i varetekt i Bergen sentrum, etter ei travel natt for Vest politidistrikt.

– Ei hektisk natt med mange oppdrag, seier operasjonsleiar Frode Kolltveit.

Sparka til drosje og kasta brustein på kvinne

To unge menn på 18 år er arresterte etter at dei først yppa til bråk i Bergen sentrum i natt. Dei to skal ha sparka til ein drosje og utagert mot forbipasserande, då dei blei snakka til av ei gruppe personar.

Det oppstod munnhoggeri og eit mindre slagsmål, før gruppa med fem-seks personar forsøkte å gå vidare. Då dei to 18-åringane gjekk etter følgjet, eskalerte konflikten.

– Ein av 18-åringane fekk tak i ein brustein, som han kasta i hovudet på ei kvinne. Kvinna blei køyrt til legevakt med ambulanse, men det skal ikkje vera snakk om alvorlege skader, seier Kolltveit.

Dei to 18-åringar sit no i varetekt på Bergen sentrum politistasjon.

Væpna aksjon etter trugslar med «softgun»

Tidlegare på kvelden hadde fleire politipatruljar væpna seg då dei rykte ut til ei adresse på Breistein i Bergen nord.

I eit forsøk på å hjelpa ein mann som låg nede, skal ein person ha blitt truga av ein mann i 30-åra. Mannen retta ein pistol mot personen, som ringde politiet.

– Det viste seg å vera ein «softgun», men fleire væpna patruljar blei sendt ut då meldinga kom inn. Mistenkte er ein kjenning av politiet og sit no i arresten, opplyser operasjonsleiar Kolltveit.

Rabiat mann angreip politiet

Klokka 02.30 fekk politiet fleire meldingar om ein «rabiat person» som var aggressiv og oppførte seg provoserande utanfor Fotballpuben i Vestre Torggate. Fleire innringarar frykta eit slagsmål og ein politipatrulje fekk avverja ein slåstkamp då dei kom til staden.

– Patruljen tok med seg han som verka mest aktiv. Han blir meldt for ordensforstyrringar og vald mot offentlege tenestemann, så han kan venta seg ein reaksjon.

Mannen i midten av 20-åra slo dermed følgje med dei to 18-åringane til glattcella på politihuset.

Tatt i tollen med amfetamin og ecstasy

Natt til sundag blei også ein 25 år gamal mann stoppa i tollkontrollen på Bergen lufthamn Flesland. Mannen hadde med seg mindre mengder amfetamin og ecstasy og blei frakta til Bergen sentrum politistasjon.

To tilfelle av ruskøyring og eit innbrot på Sydneshaugen bidrog til å gjera politiloggen natt til sundag lang.

– Det har vore ein del oppdrag, slik det gjerne er natt til sundag. Men heldigvis er det ikkje snakk om dei mest alvorlege forholda.