Hopp til innhold

18-åring arrestert etter ran

Ein 18 år gamal mann er arrestert etter at ein Bunnpris-butikk i Fyllingsdalen vart rana søndag kveld, skriv BA. To gjerningsmenn trua med det som truleg var eit gevær, og den andre ranaren er førebels ikkje gripen av politiet. 18-åringen vert avhøyrt i løpet av kvelden. Politiet ber framleis om tips frå folk som var i området mellom klokka 21 og 23 søndag kveld.