Hopp til innhold

17 Norwegian-avgangar kansellert frå Flesland

Streiken er avslutta, men trafikken til Norwegian er framleis råka onsdag. Sjå kva fly som er kansellert frå Bergen.

Norwegian-fly

KANSELLERINGAR: Sjølv om streiken er avslutta er trafikken til Norwegian framleis råka onsdag.

Foto: Larsen, Håkon Mosvold / NTB scanpix

Tysdag ettermiddag vart pilotane si fagforening og Norwegian-leiinga einige, og streiken vart avsluttet.

Det vil likevel ta litt tid før trafikken går som normalt. Norwegian-sjef Bjørn Kjos sa i går at han rekna med at den ville gå som normalt frå onsdag ettermiddag.

Aslak Sverdrup

FLESLAND FRAMLEIS RÅKA: Lufthamndirektør Aslak Sverdrup kunne informere at 17 avgangar frå Flesland er kansellert i dag.

Foto: Leif Rune Løland / NRK

– Vi vil jobbe i heile natt for å få på plass så mange flygningar som mogleg og oppmodar våre passasjerar til å følgje med på sin flygning via ruteinformasjon på vår hjemmeside, skrive Norwegian i ein pressemelding i går.

Kansellert på Flesland

– 17 avgangar frå Flesland er kansellert i dag, men nokon avgangar er satt opp på tid, seier lufthamndirektør Aslak Sverdrup.

Fyrste norske avgang frå Flesland som ikkje er kansellert, er til Stavanger og til Oslo kl. 15.00.

– Nå jobber Norwegian med å sy saman sitt program og flytte ressursar der dei trengs, slik at dei reisande kjem seg av gårde. Trafikken vil nok normalisere seg utover ettermiddagen, legg Sverdrup til.

Nesten ein tredjedel av flytrafikken på Flesland stoppa opp under streiken.

– Det har hatt store ringverknader for alle som er avhengig av luftfarten her ute, men vi har ikkje hatt nokon permiteringar i Avinor, seier Sverdrup.

Flyoversikt

Norwegian si eiga oversikt over fly i rute viser Norwegian har kansellert i alt 108 flygingar fra flyplasser i Norge onsdag.

I følgjande Norwegian-avgangar er kansellert frå Flesland onsdag:

DY601 Oslo-Gardermoen 6:40
DY470 Sandefjord-Torp 6:50
DY122 Stavanger 7:00
DY605 Oslo-Gardermoen 7:30
DY124 Stavanger 8:00
DY607 Oslo-Gardermoen 8:00
DY164 Trondheim 8:25
DY609 Oslo-Gardermoen 8:30
DY1652 Salzburg 10:00
DY617 Oslo-Gardermoen 12:00
DY631 Oslo-Gardermoen 16:20
DY478 Sandefjord-Torp 16:35
DY633 Oslo-Gardermoen 17:00
DY170 Trondheim 17:35
DY138 Stavanger 18:00
DY641 Oslo-Gardermoen 18:20
DY653 Oslo-Gardermoen 20:40