Hopp til innhold

17-åring til sjukehus etter velt med lett MC

I Kjøkkelvik i Bergen velta ein 17-åring med lett motorsykkel, like før midnatt. Sjåføren vart sendt til Haukeland med smerter i nakken.

17-åringen som køyrde ein lett motorsykkel i Frieda Fasmers veg i Kjøkkelvik, skal ha velta i vegbanen, men politiet seier det er uklart kva som var årsaka til velten.

– 17-åringen var vaken og hadde smerter i nakken. Han vart køyrt til Haukeland sjukehus, seier Janne Steimler Sætre som er operasjonsleiar i Hordaland politidistrikt.

– Lett motorsykkelen var ikkje køyrbar etter hendinga, seier ho.

Politiet har oppretta sak.