Hopp til innhold

Vidar (50) fekk kinnbeinet knust av 17-åring: – Alt gjekk så fort

Domfelt 17-åring slo ned fem forbipasserande i Bergen sentrum på under ein time.

Torgallmenningen

BLIND VALD: Utanfor denne pizzarestauranten på Torgallmenningen i Bergen blei 50 år gamle Vidar Helland slegen i bakken av 17-åringen. Fire andre blei slegne ned natt til laurdag.

Foto: Synnøve Horvei / NRK

Over eit tidsrom på under time blei fem personar utsett for blind vald i kjernen av Bergen sentrum. Vidar Helland blei slegen medvitslaus og måtte leggast inn på sjukehus.

– Eg gjekk berre nedover gata medan eg venta på ein pizza. Utan varsel fekk eg eit slag og gjekk rett i bakken.

No er 50-åringen innlagt på Haukeland universitetssjukehus med knekt kinnbein og kraftig hjerneristing.

I mellomtida sit ein 17 år gamal gut i varetekt på politihuset i Bergen, sikta for fire tilfelle av lekamskrenking og eitt tilfelle av grov kroppsskade.

Politiadvokat Line Skjengen

FARE FOR GJENTAKING: Jourhavande jurist i Vest politidistrikt Line Skjengen, meiner det er openberr fare for gjentaking. 17-åringen blir difor sitjande på politihuset i Bergen til over helga.

Foto: Roy Hilmar Svendsen / NRK

Nektar straffskuld

– På bakgrunn av det han har gjort i natt meiner politiet det er ein openberr gjentakingsfare. Her er det veldig tydeleg snakk om tilfeldige offer. Det er skjerpande, seier jourhavande politijurist i Vest politidistrikt, Line Skjengen, til NRK.

17-åringen blir truleg framstilt for fengsling måndag føremiddag.

Han nektar straffskuld, trass i at politiet har fått gode vitneskildringar.

– Han seier at ein annan står bak ugjerningane. Guten erkjenner å ha vore på staden, men han nektar å fortelja oss kven han meiner skal ha stått bak valden.

Torget i Bergen ein oktobermorgon i 2016

SENTRUM: Alle valdshendingane skjedde i sentrumskjernen av Bergen natt til laurdag. 17-åringen har sagt at han var på fest før han drog til sentrum.

Foto: Jon Bolstad / NRK

Tenåringen er sikta for tre av forholda. I to er det uklart om han blir sikta for å ha utøvd valden eller for å ha medverka til lekamskrenking, opplyser politijuristen. Tenåringen blei avhøyrt seint laurdag ettermiddag.

– Me har gode vitneforklaringar i fleire av sakene. Desse er han konfrontert med. Det blir feil å seia at han er veldig samarbeidsvillig.

– Grovt

Tenåringen blei dømt til 7 månader ungdomsstraff i fjor haust og har ei lengre historie med politiet.

– Siktinga er alvorleg. Ein myndig person med 17-åringen si straffehistorie hadde vanlegvis venta seg ei vilkårslaus fengselsstraff på fleire månader. Problemet er at han er så ung.

Skjengen seier det ikkje er utenkeleg at gjerningspersonen vil få ei ny ungdomsstraff.

– Guten er ikkje myndig enno – det må leggjast vekt på.

Bergen by sett fra luften i mørket

BERGEN SENTRUM: 17-åringen har opplyst i avhøyr at han var på fest fredag kveld. Prøvar er tekne, men politiet veit ikkje om eller i kva grad gjerningspersonen var rusa.

Foto: JRFoto / Flickr

Vidar Helland er sjokkert over at nokon kan gå laus på vilt framande.

– Eg var uheldig. Alt gjekk så fort. Eg såg ei gruppe koma gåande og det ana meg at noko ikkje var som det skulle. Så eg trekte meg litt unna – så kom slaget, fortel Helland frå sjukesenga.

Det var Bergens Tidende som først omtala historia til Helland.

Uvanleg omfang

Politiet har karakterisert valdshandlingane som svært grove. Framleis er det mange vitne som skal avhøyrast.

Politijuristen omtalar omfanget av valdsepisodane som uvanleg.

– Det er svært uvanleg at politiet blir kjend med slike hendingar, der det er så mange fornærma og alle episodane skjer midt i byen.