Hopp til innhold

– Guten tilstår og er lei seg

Politiet i Bergen har sikta og pågripen ein 17 år gamal gut frå Bergen for dataangrepet tysdag mot nettstadane til fleire av Norges største selskap.

DNB sine nettsider nede

PÅGRIPEN: Politiet i Bergen har sikta og pågripen ein gut frå Bergen for dataangrep.

Foto: Skjermdump DNB

NRK.no fekk kontakt med advokaten til den sikta, Christian Børve, torsdag kveld.

– Guten er sliten etter fleire timar i avhøyr, men han har lagt korta på bordet, han tilstår og er lei seg, seier Børve om klienten sin.

Svært alvorleg

Politiet i Bergen gjekk til aksjon mot ein 17 år gamal gut torsdag førmiddag. Han er no sikta for dataangrepa og sat torsdag ettermiddag i politiavhøyr.

– Han er sikta for grovt skadeverk, men siktinga kan bli utvida, seier Frode Karlsen, politioverbetjent i Hordaland politidistrikt til NRK.

Fleire finansinstitusjonar, teleselskap og flyselskap vart ramma av dataangrep 8. juli 2014. Dataangrepet mot Noregs Bank var truleg det fyrste nokon gang som klarte å ta ned nettsidene, opplyser Noregs Bank til Dagens Næringsliv. Telenor kalla angrepet for uvanleg sterkt.

Christian Børve

ADVOKAT: Advokaten til den sikta 17-åringen er Christian Børve.

Foto: Christine Kongsvik / NRK

– Vi ser svært alvorleg på denne type kriminalitet. Eit slikt angrep som dette kan få store samfunnsmessige kostnader. For eksempel kan det gjere at folk ikkje klarar å ringe nødnummer, seier Karlsen.

– Kva kan du seie om motivasjonen for det han har gjort?

– Eg ønsker ikkje å gå inn på detaljane i det han har gjort og kvifor. Men ungdomen er ikkje ein tidlegare kjenning av politiet, seier Karlsen.

Strafferamma på skadeverket er seks år. Ifølgje politiet har 17-åringen samarbeida godt med politiet. Han vert truleg sluppen fri i kveld etter at det fyrste avhøyra er over, men er framleis sikta i saka.

Hadde kontakt med BT

BT skriv at ein anonym person tok kontakt med dei tysdag kveld. Personen som tok kontakt skal vere ein del av aktivistgruppa Anonymous Norway. Her kom det fram at han og fleire andre bergensarar stod bak angrepet.

Hardt råka

DnB var ein av fleire bankar som vart råka av dataangrepet tysdag.

– Nettsidene er delvis nede på grunn av eit ddos-angrep, som gjer at det er innloggingsproblem for ein del av våre kundar. Vi jobbar på spreng med å få laust dette og vi meiner å ha lokalisert kor angrepet kjem frå, sa kommunikasjonsrådgjevar Vidar Korsberg Dalsbø til NRK på tysdag.

Frode Karlsen i Hordaland politidistrikt, seier slike angrep gjer at bedrifter vert heilt eller delvis ute av stand til å bruke nettsidene sine.

– For eksempel kan det bli umuleg å sjekke inn på fly og bestille billettar. Det kan gjere at verken ein sjølv eller banken kjem inn på nettbanken. I verste fall kan det gå utover liv og helse, seier Karlsen.

– Dette er digitalt hærverk

Kommunikasjonsrådgjevar i DnB, Vidar Korsberg Dalsbø, er no glad for at nokon no er sikta i saka.

– Vi ser svært alvorleg på dette og er glad for at gjerningsmannen er tatt, seier Dalsbø.

– Kva tenkjer du om at det er ein 17 år gamal gut som er pågripen?

– Ja, det er ein ung mann, men dette har fått store konsekvensar for oss. Vi ser svært alvorleg på at nokon, uansett alder, brukar digital hærverk mot oss, seier Dalsbø.