NRK Meny
Normal

16 år gamle Damian oppdaga brannen

16 år gamle Damian Przewoznik høyrde to store smell. Då han gjekk ut for å sjå kva det var såg han store mengder røyk frå det planlagde asylmottaket i Lindås.

Damian (16) oppdaga brannen i Lindås

MELDTE I FRÅ: Damien Prcewozeneick oppdaga brannen på Luner Huler hotell i natt.

Foto: Oddbjørn Rosnes/Oddgeir Øystese / NRK

– Først såg eg berre store mengder røyk. Eg bestemte meg raskt for å ringe brannvesenet, fortel 16-åringen.

Det som eigentleg var ei vanleg natt heime med familien fekk raskt ei brå vending. Familien bur berre nokre få meter frå hotellet Lune Huler.

Fredag blei det kjent at bygget skulle bli asylmottak for einslege mindreårige i januar. I natt blei restaurantdelen av bygningen totalskadd i brann.

Høyrde to store smell

– Først høyrde eg eit smell. Like etter kom det endå eit, og då bestemte eg meg for å gå ut å sjå kva som hende, fortel han.

Først kunne han ikkje sjå flammane, berre store mengder røyk. Han bestemte seg for å ringe til brannvesenet.

– Eg høyrde også ein bil som spelte høg musikk. Den var på veg vekk frå området.

Før helgen ble det kjent at hotellbygningen skulle bli asylmottak. I natt brant en av fløyene på bygget til grunnen.

Brannvesenet haldt fram med sløkking til morgontimane i dag.

Familien venta ute

Etter kvart blei flammane større. Damien og foreldre gjekk ut av heimen sin, og flytta bilane.

– Vi venta ute til brannvesenet kom til staden og begynte å sløkke. Vi hadde ikkje panikk, fortel han.

Han veit ikkje kva som kan vere årsaka til at bygningen tok fyr.

– Nei, men eg håpar at det ikkje er nokon som har tent på, seier 16-åringen.

Brann hotell lune huler i Lindås

ENORME FLAMMAR: Brannvesenet skildra brannen som eit inferno. Politiet har starta etterforsking i dag.

Foto: Oddbjørn Rosnes / NRK