NRK Meny
Normal

Slik ser det ut etter brannen i natt

Smalahove-røykeriet på Løno på Voss er delvis nedbrent etter å ha tatt fyr onsdag morgon. Fleire tonn pinnekjøt og smalahove rauk med i flammane.

Løno på Voss

TOTALSKADD: For familiebedrifta Smalahovetunet på Løno på Voss vart det ein trist onsdags morgon då dei fann røykhuset med fleire tonn kjøt i full fyr.

Foto: KJETIL RYDLAND / NRK

Rundt klokka 04.30 onsdag morgon fekk naudetatane melding om røyk og flammar frå eit røykeri på Løno på Voss. Det var ein forbipasserande som melde frå.

– Då brannvesenet kom fram var halve bygget brent ned, seier Arne Rikstad, vaktkommandør ved 110-sentralen i Bergen.

– Det var fare for spreiing, men brannvesenet fekk raskt kontroll på brannen, og ingen vart skada.

– Sløkkingsarbeidet har gått greitt, og det går no føre seg ettersløkking på staden, seier Rikstad.

Smalahovetunet på Voss.

FORTVILA: Geir Løne vart vitne til at familiebedrifta sitt røykhus gjekk opp i flammar onsdag morgon.

– Har det ikkje bra

1500 smalahove og tre tonn pinnekjøt er blitt øydelagt i brannen.

Geir Løne er ein av dei som driv familiebedrifta Smalahovetunet. Dei produserer smalahove og pinnekjøt året rundt. Han vart vitne til at familien sitt røykhus gjekk opp i flammar onsdag morgon.

– Når eg kom ned her stod alt i full fyr. Me har det ikkje heilt bra no, seier Løne.

Han fortel brannårsaka er ukjent.

– Me forstår ikkje kvifor det er byrja å brenna, men det er open eld der inne sidan det er eit røykehus.

– Sesongen ikkje øydelagt

Han fortel til NRK at det var relativt små mengder kjøt som gjekk med i flammane.

– Totalt svir me 70 000 smalahove i året, slik at 1500 er ein beskjeden del av det.

Han kan garantera at dei som vil ha pinnekjøt og smalahove til sesongen skal få det.

– Me har store mengder av kjøt som ikkje var inne i huset. Røykeprosessen tek berre ein dag, slik at det går fort, seier Løne.

Kvar røykinga skal finna stad er ikkje heilt bestemt endå.

– Me må sjå litt på korleis me skal løysa det, men eg trur me vil prøva å setta opp eit mellombels røykhus på tunet.

,
Foto: Arne Hofseth
Laster Twitter-innhold

Siste video

Opp mot 15.000 publikummere fant veien til Fløyen i Bergen under dagens temporitt.
Flere overnattet på fjellet for å holde av de beste plassene.
Programleder: Mariann Reikerås