Hopp til innhold

Nye tal: 150.000 fisk har rømt frå oppdrettsanlegga

Talet på rømte fisk frå oppdrettsanlegg etter uvêret Nina stig framleis. Fiskeridirektoratet beklagar nok ein gong.

Fiskedugnad Askøy

RØMT FISK: På Askøy har sportsfiskarar stilt på dugnad for å fiske opp rømt fisk. Folk har fiska frå båt og frå land med stong, men den største fangsten er tatt med garn.

Foto: Privat

– Det er veldig alvorleg. Me skal jo ikkje ha rømmingar. Det er berre å beklage både frå oss i forvaltninga og næringa, seier Vidar Ulriksen regiondirektør i Fiskeridirektoratet region vest.

Oppdrettsfisk fanget med garn

FANGA MED GARN: Denne oppdrettsfisken blei fanga med garn av sportsfiskarar etter rømmingane i januar.

Foto: Mariann Reikerås / NRK

Dei siste tala på rømt oppdrettsfisk er nedslåande lesing for regiondirektøren. 150.000 regnbogeaure og laks er no registrerte rømte frå anlegg i Hordaland i perioden desember til januar. Framleis manglar direktoratet tal frå to anlegg.

  • Sjå oversikt over rømmingane nedst i saka.

. LES OGSÅ: – Slike lakserømminger skal ikke skje | – Kan være flere hundre tusen rømlinger

Jobbar framleis med å få opp fisken

Ein månad etter at ekstremvêret herja over Vestlandet, jobbar framleis oppdrettsanlegga med å fange fisken som rømte under «Nina».

Vidar Ulriksen

– MÅ FISKE OPP MEIR: Oppdrettarane har lagt ned ein betydeleg innsats for å få opp fisken, men fangsten må framleis opp, seier regiondirektør i Fiskeridirektoratet Vidar Ulriksen.

Foto: Roger Eltvik / Roger Eltvik

38.683 regnbogeaure og vel 11.200 laks er til no fanga opp. Talet kan vere høgare, då det truleg ikkje er all fisk som vert levert i retur til selskapa.

– Gjer oppdrettarane nok for å få opp den rømte fisken?

– Dei har eit forbetringspotensiale alle. Me må få høgare fangst enn det me har hatt. Men det har vore lagt ned ei betydeleg innsats frå oppdrettarane for å få opp fisken, seier Ulriksen som varslar ein gjennomgang av planane for fangst av rømt oppdrettsfisk.

Fiskeriminister Elisabeth Aspaker (H) påla også oppdrettarane tidlegare denne månaden ei ny avgift for å fiske opp meir oppdrettsfisk etter rømmingar. Den nye avgifta skal sikre at fiskenæringa må betale også når eigar av den rømte fisken er ukjent.

132.000 rømte under ekstremvêret Nina

Ifølgje Fiskeridirektoratet har det i desember og januar rømt:

  • 62.500 regnbogeaure frå Sjøtroll Havbruk sitt anlegg ved Angelskår i Osterfjorden
  • 51.000 steril laks frå Fyllingsnes sitt anlegg ved Ospeneset i Lindås
  • 2200 steril laks frå Eide Fjordbruk sitt anlegg ved Hågardsneset i Kvinnherad
  • 11.300 laks frå Engesund Fiskeoppdrett sitt anlegg ved Leirvika i Masfjorden
  • 4500 laks frå Blom Fiskeoppdrett sitt anlegg ved Otterholmen i Radøy
  • I tillegg rømte om lag 18.000 laks frå Marine Harvest sitt anlegg ved Høysteinen i Varaldsøy før stormen. Denne rømminga kan ha gått føre seg sidan slutten av desember 2014.

Det har også rømt eit ukjent tallaks frå Eide Fjordbruk sitt anlegg ved Brandaskuta i Kvinnherad og frå Bolaks sitt anlegg ved Lyngnes i Fusa. Desse tala kjem seinare, opplyser Fiskeridirektoratet.

LES OGSÅ: Ville du spist denne fisken?