55 sjukepleiarar er tatt ut i streik, etter brotet i forhandlingane mellom Norsk Sykepleierforbund og NHO.
24 sjukepleiarar, altså nesten halvparten av dei streikande, jobbar i Bergen.
Streiken rammar pasienthotell og helsesenter i seks fylke, deriblant Haukeland pasienthotell, som er den største sengeposten på sjukehuset.
150 pasientar mister fredag ettermiddag sengeplassane sine som følge av streiken.
Til vanleg er det flest kreftpasientar som held til på pasienthotellet.
Desse pasientane treng stråling, ventar på operasjonar og ventar på behandling.
– Det står om liv og helse
Kreftforeningen ser svært alvorleg på situasjonen for dei sjukaste kreftpasientane, når pasienthotellet stengjer.
– Det er uhøyrt, seier generalsekretær Anne Lise Ryel.
Ifylgje henne kan det å avbryte ei behandling du alt er i gang med vere kritisk for korleis sjukdomen utviklar seg vidare.
– I tillegg kjem den psykiske belastninga det er og ikkje vite når du får starte igjen. Det står om liv og helse, seier ho.
- Les også: 55 sykepleiarar tatt ut i streik
– Veldig alvorleg
Direktør for drift/teknisk divisjon ved Helse Bergen, Askjell Utaaker, seier situasjonen er svært alvorleg.
– Dette kan etter kvart føre til ein dramatisk situasjon, seier Utaaker til NRK.
– Vil de få plass til alle pasientane andre stader?
– Dei som er medisinsk mogleg å flytte vil vi finne plassar til ved andre hotell. Men erfaringsmessig er det mange pasientar vi ikkje klarar å finne plass til. Vi må ta nokon inn på sengeavdelinga, men der er det allereie fullt.
– Vi har eit kjempeproblem på Haukeland universitetssjukehus no, seier Utaaker.
Åstveit Helsesenter også ramma
Ved Åstveit Helsesenter er 19 sjukepleiarar ramma av streik. Det er førebels ukjent kva konsekvensar dette vil få for rehabiliteringssenteret.
Streikeleiar i Hordaland, Mette Mikkelsen, seier til NRK at dei førebels ikkje har oversikt om kor vidt fleire frå Hordaland vi bli tatt ut i streik.
– Det er berre den sentrale streikeleiinga som har. Vi får vite det seinare.
Mikkelsen fortel vidare at sjukepleiarane kan streike lenge.
– Vi kan streike lenge. Vi har gitt dei som er ramma moglegheit for å søke dispensasjon.