Hopp til innhold

150 millionar til Vossabana

Samferdsleministeren lova 150 millionar til vedlikehald og rassikring av Vossabana i dag. – Ikkje godt nok, meiner SV-politikar.

Tog på Bergensbanen treft av jordras i Vaksdal

RASUTSETT: Eit tog på Bergensbanen køyrde inn i eit jordras på Boge i Vaksdal i mai i år.

Foto: Hans-Erik Ringkjøb

Vallogo

Statsminister Erna Solberg og samferdsleminister Ketil Solvik-Olsen vitja Bergen laurdag ettermiddag. Med seg hadde dei nyheita om at 2.5 milliardar skal brukast på å rusta opp offentlege bygg, veg og jernbane.

Førre veke gjekk Hordalandspolitikarane ut å minna Erna på at det var trong for fortgang mellom Bergen og Voss.

– Me er framleis forundra over at regjeringa ikkje kan støtta alternativ K5 straks, slik at me kjem i gang.

Marthe Hammer

I dag kunne Samferdsleministeren komma med 150 millionar øyremerka til vedlikehald og rassikring på Vossabana.

Det er ikkje SV sin 2.-kandidat i Hordaland, Marthe Hammer særleg imponert over.

Marthe Hammer

Marthe Hammer er SVs 2. kandidat i Hordaland.

Foto: Privat

– Det er flott med pengar til vedlikehald, men eg hadde også håpa på billigare billettpris, noko eit samrøystes samferdsleutval bad om. Slik at kan fleire bruka tog og avlasta E16.

Ventar på traséval

Ikkje overraskande sa Solvik-Olsen ingenting om trasevalet mellom Bergen og Voss i dag, noko som skuffa.

– Det som er mest alvorleg for E16 og jernbana er at dei ikkje kjem med ei avklaring på trase. Trass i 150 millionar i vedlikehaldspengar så løyser ikkje dette det store problemet.

– Me er framleis forundra over at regjeringa ikkje kan støtta alternativ K5 straks slik at me kjem i gang.

Samferdsleminister Ketil Solvik-Olsen er ikkje einig, og hevdar SV ikkje gjorde noko med problemet når dei sat i posisjon.

– AP og SV la ikkje inn ei krone til bygging av ny jernbane dei neste ti åra i Nasjonal Transportplan. No kjem det penger på eit nivå SV aldri evna å levere.

Ekstra togsett

I tillegg til ekstra løyvingar sa Statsråden at han hadde bestilt 10 nye togsett som skulle brukast på Vossabana.

– Nye togsett er bra og forventa all den tid NSB har signalisert dette i lengre tid. SV fekk eit einstemming fylkesting til å be om Flirt-tog. Det har me jobba for lenge, og det er ikkje imponerande at det kjem no, seier Hammer.