NRK Meny

15 kilometer lange køar

Trafikken står i stampe frå Åsane til Bergen sentrum. Trafikkoperatør Ove Amundsen i Statens vegvesen omtalar trafikkbiletet i Bergen slik: – No er det køkaos. Stenginga får store etterverknader, seier han. Vegvesenet fekk først melding om at ei vifte i Fløyfjellstunnelen var påkøyrd. Det viste seg at det var tre feltmarkørar som var påkøyrde og øydelagde.

Køer Åsaneveien
Foto: NRK-tipser