Hopp til innhold

14 halliksaker på tre år: - Kan vere toppen av isfjellet

Ingen veit kor stort prostitusjonsmiljøet i Bergen eigentleg er. Politiet finn stadig nye bordell i byen.

Sexannonser på internett

SEXANNONSAR: Ingen veit kor stort prostitusjonsmarknaden i Bergen er. Bilete er frå ei nettstad der jenter sel sex i Bergen.

Foto: Skjermdump

– Vi ser svært alvorleg på saka. Dette er ein måte å utnytte kvinner som er i ein vanskeleg situasjon, og som gjerne må gjere dette for å tene til livets opphald, seier politioverbetjent Svein Føllesdal.

Undersøkingar frå ei statistikkgruppe som omhandlar hallikverksemd viser at det dei siste tre åra er registrert 14 saker.

Første gong utanfor sentrum

Dei aller fleste hallikar og bordell i Bergen held til i sentrum.

To av bordella er framleis under etterforsking. Eit i Nygårdgaten og eit i Fyllingsdalen. Dette er første gong politiet har anmeld nokon for sexhandel utanfor Bergen sentrum.

– Kundar har forklart at dei har vore der for å kjøpe erotisk massasje. Då snakkar vi om meir enn berre massasje, seier Føllesdal.

Politiet fryktar dette berre er toppen av isfjellet.

– Det er avhengig av kor aktive dei er i marknadsføring og utføringa av tenestene sine, seier Føllesdal.

Veit ikkje kor stort miljøet er

Astrid Gerdts har arbeidd med prostitusjonsmiljøet sidan 2006, både i Utekontakten og i Bymisjonen.

Ho seier det er vanskeleg å få oversikt over kor stort prostitusjonsmiljøet eigentleg er i Bergen.

– Det er grunn til å tru at det er langt større enn det vi ser. Vi veit at det er fleire kvinner og menn som sel sex enn dei som har kontakt med hjelpetiltaka i dag, seier Gerdts.

Bymisjonen ser at den uoversiktlege sexhandelen som går føre seg innandørs er i vekst.

– Kvinner på innemarknaden er i svært ulike situasjonar. Nokre lever under vanskeleg forhold prega av tvang, medan andre har ein meir sjølvstendig kvardag og styrer prostitusjonsverksemda si sjølv, fortel Gerdts.

– Sexkjøpsloven løyser ikkje problemet

Astrid Gerdts ved Utekontakten i Bergen

INNEMILJØET I VEKST: Astrid Gerdts i Bymisjonen trur ikkje sexkjøpsloven vil løyse prostitusjonsmiljøet i Bergen.

Foto: Ragnhild Osnes Olsen / NRK

Enkelte sender fleire hundre tusen kroner ut av landet frå si bordellverksemd. Marknaden i Bergen er lukrativ.

– Vi møter kvinner som fortel om det. No som situasjonen i Sør-Europa har blitt vanskeleg har dei trekt nordover for her er det pengar, fortel Gerdts.

Gerdts meiner ein nullvisjon knytt til prostitusjon er svært ambisiøst.

– Sexkjøpsloven vil ikkje løyse prostitusjonsproblemet, meiner Gerdts.