Hopp til innhold

130 togpassasjerar er evakuerte

Eit passasjertog står fast 300 meter inne i Trollkonatunnelen like ved Dale. Klokka 23.46 stadfesta Jernbaneverket at alle passasjerane er ut av tunnelen.

Toget er eit lokaltog som er på veg mot Bergen. Det er 130 passasjerar ombord. Årsaka til at toget står fast er ei nedriven køyreledning i tunnelen.

Passasjerane er no ut av tunnelen, og vil bli ført fram til Bergen av eit nytt tog som ventar ved Dale stasjon.

Forsøker å dra togsettet ut på nytt

Eigentleg var planen å slepe toget ut av tunnelen og til Dale stasjon med passasjerane ombord.

Dette gjekk ikkje, og ein la difor ein plan om å i staden evakuere passasjerane til fots. Det er rundt ein kilometer frå staden toget stogga til Dale stasjon.

Til slutt enda det likevel med eit forsøk på slepe passasjerane ut medan dei sat i toget på grunn av tryggleikshensyn. Dei som arbeider på staden konkluderte med at det var for langt å gå.

Første gongen klarte ikkje lokomotivet å dra togsettet, men ein klarte ved andre forsøk å få dette til.

– Håpar vi har nok drosjer

NSB har i kveld forsøkt å skaffe vidare transport til dei reisande.

– Vi har no nok kapasitet til å få passasjerane dit dei skal, seier Håkon Myhre i NSB.

Årsaka til at passasjerane har måtta hente over to timar i toget er dei straumførande køyreledningane. Dei fører 15 000 volt og måtte sikrast.

– Vi ønskjer ikkje å ta nokon sjansar, seier Myhre.

Bergensbanen stengt

Dei reisande måtte vente i over to timar før dei kom seg avgårde dit dei skal.

– Bergensbanen blir stengt fram til vi får utbetra feilen, fortel pressevakt i Jernbaneverket, Harry Korslund.

Før ein kan begynne å arbeide med feilen i tunnelen må togsettet slepast ut av tunnelen.

Lynnedslag

Bergenbanen har hatt problem i heile dag, og toga på Bergenbanen har vore forseinka.

– Vêret har vore mot oss idag. Vi hadde tidlegare eit lynnedslag som sørga for signalfeil mellom Voss og Mjølfjell. Dette første til ganske store forseinkingar på enkelte tog, fortel Korslund.