Hopp til innhold

Kvar tiande elev på vidaregåande vert mobba av læraren

1200 elevar på vidaregåande skular i Hordaland seier at vaksne har mobba dei på skulen. Det er vanlegare enn digital mobbing, viser fersk rapport.

Leiar i Elevorganisasjonen i Hordaland, Alida De Lange D’Agostino.

DÅRLEGE FØREBILETE: – Mobbande lærarar må innsjå at dei er rollemodellar for elevane, seier leiar i Elevorganisasjonen i Hordaland, Alida De Lange D'Agostino.

Foto: Sølve Rydland / NRK

– Eg føler at lærarane trur dei har så mykje makt at dei kan gjera kva dei vil med elevane. Eg har opplevd det sjølv, seier ein gut.

– Det skjer ikkje fysisk, men dei skjeller deg ut. I ni av ti tilfelle skjer det mentalt og verbalt.

Vidaregåandeelevane me møter i Bergen har opplevd at elevar vert utsett for mobbing av lærarane sine, som skulle vera rollemodellar.

– Til dømes at læraren sender ut ein liten morosam kommentar for å få klassen til å le.

To i kvar klasse

Ein fersk rapport om kvaliteten på den vidaregåande skulen i Hordaland viser at om lag 1200 elevar seier at dei har opplevd å verta mobba av lærarane eller andre vaksne på skulen. Det er 9,8 prosent av elevane i fylket.

I ein klasse på 30 betyr det i gjennomsnitt tre elevar.

Om lag 300 av desse elevane svarar at mobbinga har skjedd 2-3 gonger i månaden eller oftare.

  • Sjå rapporten (side 47) her (ekstern lenke).

– Eg har hatt fleire saker der vaksne deltek i mobbing. Dette er det aller verste, at du føler deg hengt ut av læraren eller blir ignorert – ikkje sett, seier mobbeombod i Hordaland, Mari-Kristine Morberg.

Ho seiar at hennar rolle som uavhengig ombod vert ekstra viktig når vaksne ved skulane står bak mobbinga.

– Dette er vanskeleg for eleven å fortelja skulen om. Det er også vanskelege saker for skulane.

Vanlegare enn digital mobbing

Opplæringsdirektør Svein Heggheim ser alvorleg på funna.

– Både lærarar, leiarar og andre tilsette ved skulen må ta seg saman. Dei skal gi eit trygt og godt skulemiljø.

Mari-Kristine Morberg

MOBBEMAKT: – Dette er det aller verste, at du føler deg hengt ut av læraren eller blir ignorert, seier mobbeombod i Hordaland, Mari-Kristine Morberg.

Foto: Hordaland fylkeskommune

Faktisk er det fleire som seier at dei har vorte mobba av vaksne ved skulane enn utsett for digital mobbing på sosiale medier.

Heggheim seier fylkeskommunen som skuleeigar er opptatt av at det vert rydda opp.

– Vi har eit ganske massivt trykk på dette i møte med skulane. Dette er viktig.

Dårlege førebilete

Leiar i opplæringsutvalet i fylkeskommunen, Emil Gadolin (Ap), vart presentert for tala i går. Han er klar på at òg politikarane må ta ansvar.

– Me kan jobba med haldningar. Og opplæringslova er no forsterka. Viss ein skule ikkje handterer og følgjer opp ei mobbesak, kan det få rettslege følgjer.

Leiar i Elevorganisasjonen i Hordaland, Alida De Lange D'Agostino, er overraska over funna.

– Eg vil be dei gå inn i seg sjølv og tenka på korleis dei oppfører seg og blir oppfatta framfor klassen. Dei må vera ekstra påpasselege med kva dei seier.

Ho meiner mobbande lærarar sviktar jobben sin.

– Dei må innsjå at dei er rollemodellar for elevane. Lærarane skal førebyggja og stoppa mobbing. Viss lærarane mobbar elevar, vil elevane plukka opp dette og tenka at slikt er greitt.