Hopp til innhold

44 personar blei evakuerte etter bensinlekkasje frå bensinstasjon

Politiet evakuerte eit større område i Eikelandsosen i Fusa på grunn av eksplosjonsfare.

Evakuering etter bensinlekkasje i Eikelandsosen

SPERRA AV: Eit større område i Eikelandsosen er sperra av på grunn av eksplosjonsfare.

Foto: John Einar Thorbjørnsen

44 personar blei evakuerte i nærleiken av YX-stasjonen i Eikelandsosen i Fusa kommune etter ein bensinlekkasje.

Alle naudetatane rykte ut like etter klokka 17. Kort tid seinare blei næringsbygg og bustader i området evakuert.

Først klokka 18.30 fekk innbyggarane melding om at dei kunne flytta heim igjen.

– Me tok ingen sjansar og sperra av, seier operasjonsleiar Eivind Hellesund i Vest politidistrikt.

Truleg mindre lekkasje enn frykta

Tidleg fredag opplyser dagleg leiar Annar Sletvold i YX Noreg at det truleg ikkje var meir enn 25 til 30 liter drivstoff som lak ut i grunnen ved stasjonen.

– Etterforskinga er ikkje avslutta, men vi er rimeleg sikre på at det ikkje var meir som kom på avvegar, seier Sletvold.

YX-sjefen seier òg at dei er rimeleg sikre på at tanken vart fylt for full, og at det var årsaka til lekkasjen.

– No kallar vi alle partar i saka, leverandørar og underleverandørar, inn til møte for å gå gjennom rutinane. Dette skal ikkje skje att, korkje i Eikelandsosen eller andre stader, seier Sletvold.

Han beklagar også til naboane som måtte evakuera og alle som miste straumen medan brannvesenet fekk kontroll over situasjonen.

– Kjende bensinstanken

Odd Joar Glæsnes oppdaga ein eim av bensinlukt då han var på jobb. Han gjekk etter kvart bort til bensinstasjonen, som er næraste nabo.

– Dei avviste først at lukta stamma frå dei, men me oppdaga ein sterk lukt på baksida av stasjonen. Men det var ingen synlege utslepp, fortel Glæsnes.

Alt innanfor ein radius på 100 meter frå bensinstasjonen blei kort tid seinare evakuert, seier brannsjef i Fusa brann og redning, Gunnar Hatlelid.

– Bensinen har truleg runne mot bustadblokker. Det har gått vidare inn i kloakksystem og kulvertar til høgspentleidningar og slike ting. Så me har ikkje noko kontroll på kor bensinen har gått, seier Hatlelid til NRK klokka 17.30.

Bensinen har gått ned i grunnen, så det er ifølge brannsjefen ikkje synlege spor etter lekkasjen.

– Men me kjenner ein veldig sterk bensinlukt.

Eikelandsosen

– Éi gneiste kunne gitt store konsekvensar

På grunn av høgspentleidningar i nærleiken av bensinstasjonen, tok brannvesenet straumen. Dermed var store deler av Eikelandsosen sentrum utan straum.

Politiet sette opp sperringar fleire stader i sentrum av Eikelandsosen. Eit bygg som husar bustader og butikk, fekk bensin i kjellaren, ifølge brannsjefen.

– Me har evakuert senteret, kommunetorget og alle bustader nær bensinstasjonen, seier Hatlelid.

Ein av brannvesenet sine spesialbilar måtte rekvirerast frå Bergen for å måla gassnivået. Målinga viste låge verdiar, og eksplosjonsfaren blei dermed avblåst like før 18.30.

Det er uklart kor lenge bensinen har fått ligga i terrenget. Truleg har det varme vêret medverka til at bensinen fordampa raskt.

– Men her kunne ei lita gneiste potensielt ha fått store konsekvensar, seier Hatlelid.

Ifølge ordførar Atle Kvåle (Ap) blei 44 personar evakuerte. Ordføraren gjorde klart alternativ overnatting, men er glad det gjekk bra.

– Bensintankane blei trykktesta i går

John Einar Thorbjørnsen eig YX-stasjonen i Eikelandsosen. Han seier uhellet skjedde då bensintanken blei fylt tidlegare i dag.

– Problemet er at bensinen går over i gassform. Det er nokre høgspenttrafoar i nærleiken som kanskje ikkje gir den beste kombinasjonen. Difor blei straumen kopla frå, seier Thorbjørnsen.

Bensintankane på stasjonen tek om lag 15.000 liter. Ifølge utrekningar førte overfylling til at rundt 1200 liter rann ut og ned i grunnen, opplyste politi og brannvesen til NRK torsdag.

– Tankane våre blei trykktesta i går, og blei godkjende då. Me har difor ikkje mistanke om at det er her feilen ligg, men me har likevel bestilt bil frå Bergen, som skal tømma og trykktesta tankane, fortel Thorbjørnsen.