Hopp til innhold

Fekk beskjed om å sjølv skaffe nye billettar

Sundag kveld vart Norwegian sine passasjerfly til og frå Berlin kansellert. Passasjerane fekk beskjed om å sjølv skaffe nye billettar, og nokre måtte i utgangspunktet vente fem dagar på neste fly.

Norwegians Dreamliner-fly

KANSELLERTE: Flyet som skulle gå 19:10 frå Bergen til Berlin og flyet som skulle gå 23:10 frå Berlin til Bergen, vart sundag kansellert. Passasjerane vart overlatne til seg sjølv for å ordne billettar.

Foto: Nilsson, Johan / NTB scanpix

Christian Andersen

KRITIKKVERDIG AV NORWEGIAN: Christian Andersen er ikkje nøgd med måten Norwegian har handtert situasjonen etter at 116 passasjerar fekk flyet innstilt.

Foto: Privat

– 73 passasjerar skulle frå Bergen til Berlin, og 116 passasjerar skulle frå Berlin til Bergen, seier Charlotte Holmberg Jacobsson som er informasjonssjef i Norwegian.

Ein teknisk feil skal vere årsaka til at flya mellom Berlin og Bergen vart innstilt.

– Passasjerane får hotell, me dekkjer kostnader for mat, og me skal gjere alt me kan for å få alle til Noreg så snart som mogeleg. Me beklagar verkeleg at dei ikkje kjem heim når dei skulle, seier ho.

Christian Andersen og dei seks kameratane hans er nokre av dei som skulle ta flyet frå Berlin 23:10 sundag kveld.

– Me fekk først beskjed om at flyet var kansellert frå ein informasjonsperson på flyplassen, og så kom sjefen og sa at det hadde vore ein teknisk feil som gjorde at flyet vart kansellert, seier Andersen.

– Det folk reagerer på, er at Norwegian ikkje klarar å gjere noko sjølv, at dei ikkje kan få til eit fly eller ordne oss inn på andre fly slik at me kjem oss heim, seier Andersen.

Må ordne billettar sjølv

Andersen og reisefølget fekk eit hotell like ved flyplassen, men dei måtte sjølv ordne med nye flybillettar. Første ledige fly med Norwegian gjekk først torsdag.

– Me måtte sjølv ta kontakt med Norwegian, og første ledige fly gjekk ikkje før torsdag. Det var uaktuelt, for fleire av oss må jo i arbeid. Eg skulle vore i arbeid i dag, seier Andersen.

Andersen seier han og reisefølget stod på sitt og sa dei sjølv kunne kjøpe billettar, men at dei måtte få billettprisen refundert.

– Norwegian har handtert dette svært dårleg. Det dei no gjer er at dei seier me kan få pengane for billetten, men at det er vårt problem å komme oss heim, seier Andersen.

– Dei fråskriv seg ansvaret

Andersen seier han har vore heldig og har funne billettar slik at dei berre kjem seg heim ein dag seinare enn planlagt, men han reagerer likevel på behandlinga frå Norwegian.

– Eg synst dei fråskriv seg ansvaret, og det var fleire andre som uttrykte det same. Det blir gitt ulike svar frå Norwegian ut ifrå kven ein møter, så det er tilfeldig kva informasjon som blir gitt. Eg tykkjer det er svært kritikkverdig, seier Andersen.

– Det var fortviling blant folk på flyplassen, i og med at det var mange som reiser heim sundag fordi dei skal på jobb måndag. For det første er det ikkje mange ledige fly, og det er veldig dyrt. Det er ikkje alle som har råd til å legge ut 25-30.000 sjølv om dei får att pengane, seier han.

Kansellert frå Bergen

I Bergen sat Finn Bjørn Tønder sundag kveld og venta på å ta flyet til Berlin. Han og familien skulle ta flyet som gjekk 19.10.

– Alt var normalt heilt til me var lei av å sitte og vente på den vanlege rutinen om å møte ved utgangen. Då kom det fram melding om at det skulle komme ny melding 20.10, og flyet skulle gått 19.10, seier Tønder.

– Då var det berre å vente og vente og vente. Så kom det beskjed at flyet var innstilt, og det var utruleg irriterande, seier han.

– Utruleg dårleg informasjon

For Tønder fekk ikkje kanselleringa så store konsekvensar fordi han bur i Bergen og kunne reise heim om kvelden. Han fekk ordna nye billettar for dagen etter, men han er ikkje nøgd med måten Norwegian handterte situasjonen.

– Me fekk ingen service, så omsider når meldinga kom om at det ikkje blei noko fly, så blei me på ein måte overlatne til oss sjølv og stå i ein eller annan kø og vente for å prøve eit nytt fly. Det er irriterande med så utruleg dårleg informasjon frå Norwegian, seier Tønder.

Han seier det var lange køar til informasjonsskranken til Avinor, og at det stod 1–2 personar som skulle handtere både plass på hotell og flybillettar.

– Det var utruleg dårleg takla av Norwegian. Me var heldigvis så lure at i staden for å stå i køen så ringde me Norwegian, så etter mykje om og men så fekk me plass på eit fly i dag. Så no håpar eg at me kjem oss til Berlin, seier Tønder.

Heilt fullbooka

Charlotte Holmberg Jacobsson, presseansvarlig i Norwegian.

BEKLAGAR: Informasjonssjef i Norwegian, Charlotte Holmberg Jacobsson beklagar at 116 passasjerar ikkje kjem heim frå Berlin til estimert tid.

Foto: Norwegian

Norwegian har ifølgje Charlotte Holmberg Jacobsson som er informasjonssjef i Norwegian flygingar kvar dag til og frå Berlin, men fordi det er mange som reiser i juli månad så får ikkje passasjerane mogelegheit til å fly med Norwegian før torsdag.

– Dei flya som finst er jo heilt fullbooka. Me gjer alt me kan for å hjelpe dei passasjerane som er att i Berlin. Om det blir avbookingar så skal me gjere alt me kan for å få heim passasjerane på første mogelege fly, seier Charlotte Holmberg Jacobsson.

Passasjerane skal ifølgje Jacobsson ha fått tekstmelding om at Norwegian tilbyr gratis ombooking eller refusjon av billettprisen.

– Dei kan kontakte kundesenteret vårt for å få hjelp til dette, og dersom passasjeren ikkje kan vente på neste Norwegian-fly, så kan dei legge ut for billettar og så kan dei sende inn krav på kompensasjon frå oss, seier Jacobsson.

– Det er synd om nokon tykkjer dei ikkje har fått nok informasjon. Me prøver alltid å informere så snart me har mogelegheit. Me beklagar at me ikkje har eit fly å sette inn for desse passasjerane, seier ho.

Norwegian skal måndag føremiddag vere i gang med å booke flybillettar for passasjerane sine gjennom andre flyselskap. Nokre av desse må mellomlande i København eller Amsterdam.