Alt om: Statsbudsjettet 2006Statsbudsjettet 2006 - Tall for Hordaland
Dermed reknar ein med at dei kan opnast for trafikk i desember neste år.
Prosjektet omfattar utvidingar, ombygging og noko vegomlegging.
Arbeidet blir gjennomført i samband med innsetting av nye gassferjer i ferjesambandet Halhejem - Sandvikvåg frå 1. januar 2007.
20 mill til E39 over Stord
Til stamvegprosjektet E39 over Stord er det foreslått 20 millionar kroner i statlege midlar.
I tillegg er det regnet med 12 millioner kroner fra bompengeselskapet.
Pengar til Romarheimsdalen
90 millionar går til stamvegprosjektet E39 Romarheimsdalen. Prosjektet omfattar i hovudsak utbetring av eksisterande veg.
Anleggsarbeidet tok til hausten 2005, og prosjektet opnar truleg for trafikk i 2008.
Arbeidet med å utbetra Haukelitunnelane, på stamvegen E134 Drammen - Haugesund, vil bli vidareført i 2006. Kostnadane for arbeida er rekna til omlag 200 millionar kroner.
Bybanen i Bergen
Til Bybanen er det rekna med totalt 290 millionar kroner. Av denne summen utgjer bompengar 285 millionar kroner.
Det er satt av 60 millionar kroner til rassikring i 2006.
Kollektivtransport
Til belønningsordninga for betre kollektivtransport og mindre bilbruk i byområda er det foreslått 150 millionar kroner i 2006.
Samferdsledepartementet legg opp til at Oslo, Bergen, Trondheim, Stavanger og Kristiansand og Tromsø kan søkja om midlar frå ordninga.