Hopp til innhold

– Ferdsel ute set oss ut av spel

Totalt drukna det 115 personar i fjor, noko som er ein nedgang på fire samanlikna med året før. Hordaland og Vestfold hadde flest drukningsulykker i landet, med 14 ulykker i kvart fylke.

Gard A. Bjørnstad

115 DRUKNA: I 2014 drukna det fire mindre personar enn i 2013, men talet er likevel på 115 personar. Gard Aleksander Bjørnstad er president i Norges Livredningsselskap, og rår om å ta forholdsreglar når det gjeld kva utfordringar naturen byr på.

Foto: Norges Livredningsselskap

– Når ein skal samanlikne landsdelane, så er det ikkje typisk for Hordaland å samanlikne seg med Vestfold som er eit utstrekt badefylke, seier president i Norges Livredningsselskap, Gard Aleksander Bjørnstad.

Tal frå Norsk Folkehjelp viser at Vestfold i 2014 hadde heile ti ulykker meir enn fjoråret. Hordaland hadde ein auke på åtte ulykker frå året før. Nordland som kjem like etter med ti drukningsulykker i fjor, hadde sju ulykker i 2013.

Oppland kom best ut med berre ei drukningsulykke i fjor, mot tre året før.

Kort redningstid i kaldt vatn

Dei fleste ulykkene skjer etter fall frå land, brygge eller fritidsbåt, medan mange skjer også skjer under bading.

– Det kan tyde på at det er nettopp denne ferdsla ute som set oss ut av spel. Dei viktige stikkorda er kanskje kaldt vatn og omstenda rundt det å drive sjølvberging, seier Bjørnstad.

Om vinteren rår han om å bruke «forlenga arm» om ein skulle hamne i vatnet.

– «Forlenga arm» og ispiggar er viktige å ha med seg på tur, for viss ein går gjennom isen så kan temperaturen vera ned mot to til ein grader celsius, og då har du inntil fire minutt før du er sett ut av spel.

– Redningsvesten skal vera på når ein er i båt og liknande, og på vinteren er det særskilt viktig, seier Bjørnstad.

LES OGSÅ: – Dropp fotballbaner, bygg svømmebasseng

– Viktig med tidleg symjeopplæring

Menn dominerer i talet på drukningsulykker, og av dei 115 som døde av drukning i Noreg i 2014 var heile 99 menn, medan 15 var kvinner.

I Hordaland var totalt éin av dei 14 personane som døde av drukning kvinner, medan resten var menn. I Vestfold var tre kvinner, og 11 menn.

Bjørnstad seier det er viktig å ha tenkt gjennom kva farar naturen kan by på.

– Det bør ein gjere, kombinert med å så tidleg som mogeleg ha lært seg god symjeåtferd slik at sjølvberginga er velfungerande, seier Bjørnstad.

– I skuleverket går symjeopplæringa føre seg under svært avgrensa vilkår. Det er viktig å starte symjeundervisning så tidleg som mogeleg, og å ha denne ute. Det er ute drukningsulykker skjer, og det er her me må lære oss farane.

LES OGSÅ: Krever utendørs svømmeopplæring