Utvidinga av parkeringskapasiteten på Flesland startar like over sommaren.
400 av dei nye plassane blir innandørs.
Ofte fullt
- Me opplever særleg eit sterkt press på parkeringsplassane i parkeringshuset, seier terminal- og
marknadssjef i Avinor på Flesland, Alf Sognefest til Bergens Tidende.
- Der er det svært ofte fullt og behovet for fleire plassar innandørs er akutt, seier Sognefest.
Når utvidinga er ferdig over nyttår vil flyplassen ha om lag 4000 parkeringsplassar.